— Det var som ei romferje som letta. Slik du ser på TV, sa tankbilsjåfør Lars Ottar Larsen då han forklarte seg om Vest Tank-ulukka i Nordhordland tingrett klokka kvart på eitt i formiddag.

Hugsar ikkje

Sjåføren hadde kome til anlegget kvelden før ulukka, for å levera saltsyre til ein av lagertankane, og sette i gang med å tilsetja syra.

— Var det nokon gjennomgang på eventuelle farar med dette? spurde aktor Tarjei Istad.

— Nei.

– Eksplosjonsfarar?

— Nei.

Han hugsar ikkje om han klarte å halda seg på beina då smellen kom i titida om morgonen.

— Eg sprang utover, og høyrde det ramla røyrbitar og det som var rundt meg.

Trudde varmen skulle ta han Augnevitnet trudde han skulle bli innhenta av varmen frå eksplosjonen.

— Det eg hugsar best, er at varmen henta meg igjen. Eg såg han på begge sider medan eg for utover kaia der, sa han i retten i dag.

— Det kjentest som om varmen skulle komma og lukka igjen, at eg ikkje skulle klara å springa unna. Det var forholdsvis varmt i nakken.

Larsen hugsar hendinga kvar einaste dag.

— Eg har den på netthinna kvar dag. Eg lossar mykje i nærleiken, og ser den same tanken no og då. Det er klart du tenkjer tilbake på det.