• Eg såg første hesten springe ut, og hugsar eg ropte at vi må kome oss ut av vogna. Men vi rakk det aldri. Alt skjedde så utruleg fort.

TERJE ULVEDAL

Shirley Wolfenden (69) frå Nord-Yorkshire sit sliten i gangen på sjukehuset på Nordfjordeid. Eit knapt døgn har gått etter den dramatiske ulukka med hesteskyssen i Briksdalen, der 18 britiske turistar blei skadde. Ektemannen Raymond (76) er nett ferdig operert for armbrotet han pådrog seg då han blei slengt ut av hestevogna. Sjølv er Shirley mørbanka. Ho har vondt i brystet, etter å ha blitt treft av ei anna vogn. Og ho er trøytt fordi ho har sove så lite.

— Det som skjedde kjem tilbake til meg heile tida. Det var som å sjå på ein amerikansk westernfilm, seier ho.

Eit vilt ritt

Den engelske kvinna skildrar eit vilt ritt nedover dalen, etter at den første fjordhesten sprang ut ganske langt bak i rekkja på veg tilbake frå Briksdalsbreen.

— Vi var tre i vogna, og anten sat vi i tredje eller fjerde vogna. Eg og ei anna kvinne sat framme, mannen min bak. Eg såg bakover nett då første hesten tok laus, og skjønte straks at i alle fall alle hestane framfor også ville gjere det. Eg tenkte at dei går så tett, at når ein spring ut så vil alle. Sidan skjedde alt så fort, vi rakk ikkje å gjere noko anna enn å halde oss fast.

Då første hesten sprang ut, var følgjet rett ovanfor den vidgjetne brua ved fossen i Briksdalen. Over den smale brua som finst på så mange postkort gjekk det bra, men like etter er ein skarp sving.

— Vogna slo mot fjellet, og mannen min blei kasta av. Like etter blei eg treft av ei anna vogn i brystet. Deretter landa eg med ryggen først i vegen. Eg hugsar nokon ropte høgt at det kjem ein til rett bak, og greidde å rulle meg ut på vegkanten. Hesten og vogna rasa forbi, dei var berre centimeter frå, fortel kvinna.

- Då blei eg redd

Etter at Shirley konstaterte at ho kunne stå på beina, prøvde ho å finne ektemannen. Men Raymond var ikkje å sjå.

— Då fekk eg verkeleg angst. Eg frykta han var kasta utfor vegen, seier ho.

Men heldigvis gjekk det ikkje lenge før ho fekk auge på mannen, liggjande lenger bak i vegen. Raymond trefte fjellveggen då han blei slengt ut av vogna. I tillegg til armbrotet har han slagskadar.

— Eg rakk aldri å få med meg kva som skjedde med kvinna som sat ved sida av meg. Men i dag har eg høyrt at ho skal vere mellom dei hardast skadde.

- Mirakel at vi er i live

Dagen deretter innser Shirley at dette kunne gått verkeleg gale.

— At vi er i live er som eit mirakel. Det var skremmande, seier ho.

Men den britiske kvinna vil ikkje kritisere nokon for hendinga. Ho meiner kuskene var sjanselause til å stoppe hestane.

— Dei prøvde så godt dei kunne, men ingen kan klare å halde att ein hest som spring ut på den måten. Det er slike krefter som er i sving.

— Dersom de hadde greidd å kome av, ville det gått betre?

— Eg trur ikkje det. Vegen var så smal, det kunne faktisk gått verre.

Og sjølv etter den dramatisk ulukka, er ho ikkje ferdig med Norge.

— Nei. Hit skal vi tilbake. De er heldige som bur i eit så fantastisk land. Og hestane var så vakre, er siste helsinga ho gjev oss.

GLAD HO ER I LIVE: Shirley Wolfenden slapp unna med slagskadar og smerter i brystet etter hesteskyssulukka i Briksdalen. - Det var berre å halde seg fast, fortel ho.<br/>Foto: ODDLEIV APNESETH