Espen Bø var ein av dei første som kom til. Etter ei stund kom tiltalte bort til den ramponerte bilen.

— Tiltalte ropte: «Det var ikkje eg som køyrde»! Han ropte det fleire gonger, fortalde vitnet.

— Kan du skildre korleis ropa var? spurde forsvararen.

— Det var ganske panisk, svarde vitnet.

Bø var på veg heim frå fest. Han høyrde tiltaltes BMW ta laus i ein veldig fart, høyrde deretter fleire smell, og skjønte straks at noko alvorleg var skjedd.

— Då eg kom fram skreik jenta som var i baksetet noko forferdeleg. Eg tenkte at då lever no i alle fall ho. Så eg konsentrerte meg om ho i passasjersetet. Ho var fjern. Til slutt fekk eg kontakt. Det peip ut av ho: «Hjelp meg».

Tingretten var i går føremiddag på synfaring til området der ulukka skjedde. Frå bilen første gong kom utfor vegen til han stoppa, er ein strekning på godt over 100 meter. Rett før hammaren der ferda enda stod to bilar parkerte. Pereras BMW kolliderte med desse, og den eine blei totalskadd. Lensmann Hans Petter Harlem karakteriserte det som møtte redningsmannskapa som eit forferdeleg syn.

— Det låg knuste bildelar over eit stort område, sa han. Lensmannen la ikkje skjul på at han meiner farten må ha vore svært stor.

Redningsmannskapa måtte klippe av taket og eine døra før dei kunne ta ut dei to jentene som var inne i bilen.