Brannen i januar utsletta 40 bygningar i Lærdal, og 17 av dei var bustad for om lag 70 menneske. Ordførar Jan Geir Solheim seier til NRK at nokre av prosjekta er kortvarige prosjekt på som tek inntil to år, men at dei ikkje er ferdige med alt før det er gått fire-fem år.

— Det er først og fremst å ta seg av dei som har privat tomter og sørgje for at dei får så rask behandlingsprosess som mogleg. Deretter må vi sjå på dei kommunale eigedommane, seier han.

Branntomter rydda

ForsikringsselskapetGjensidige opplyser at rive- og ryddearbeidet for deira kundar er ferdig.I alt har dei fem kundar som har fått totalskadde bygningar etter storbrannen.Åtte fekk sot- og røykskadar.

BjørnSævild, leiar for takst og storskade, fortel at det kjem til å koste om lag 20millionar å byggje opp att desse husa. Når dei står klare, er framleis uvisst.

— Dette ereit samspel mellom oss og kva kundane vil. Dei må få litt tid til å tenkje seg om. Vi er klare til å hjelpe, så snart dei veit korleis dei vil ha det, seierSævild.

Innbuforsikringanehar ikkje selskapet full oversikt over enno, men dei kjem truleg på eit parmillionar kroner.

Tidlegarehar Finans Noreg gått ut med eit overslag om at brannen kjem til å kosteforsikringsselskapa i alt 200 millionar kroner.

Vil vere med

Torsdag vedtek kommunestyret i bygda mandatet til prosjektgruppa som skal atterreise og utvikle Lærdal.

Marianne Aarethun Rode og familien er blant dei som mista heimen i storbrannen. Ho er oppteken av at dei som har mista heimane sine blir høyrt.

— Mitt råd er at dei må snakke med oss det gjeld, seier ho til NRK.

Arbeidet er i gang

Ordførar Jan Geir Solheim seier at organiseringa er noko dei skal sjå på.

— Det er godt mogleg at dei kan bli med. Dette må vi få til på ein måte, seier han, og understrekar at arbeidet allereie er i gang.

Natt til 19. januar braut det ut brann i Kyrkjeteigen i Lærdal. På grunn av sterk vind spreidde flammane seg raskt, og meir enn 100 brannmannskap frå mellom anna Lærdal, Aurland, Voss, Bergen, Årdal og Hallingdal kjempa mot flammane i mange timar.