• Får vi ikkje Ringeriksbana no, betyr det at Stortinget bevisst byggjer ned Bergensbana, seier Jan-Halvard Brekko i Forum nye Bergensbanen.

— Dersom regjeringa ikkje foreslår full utbygging av Ringeriksbana i komande Nasjonal Transportplan, vil det bety at toget er gått. Då vil alle som bur langs Bergensbana mista trua på at noko vil skje, seier Brekko.

Den tidlegare ordføraren (Ap) i Gol kommune, no prosjektleiar i Forum nye Bergensbanen, uttrykkjer på denne måten alt det håp, men og all den spente nervøsitet, som rår i kommunane langs Bergensbana før regjeringa sitt framlegg til Nasjonal Transportplan 2010-2019.

Forum nye Bergensbanen held måndag 15. september årsmøte i Bergen - det siste før det vert klårt om Ringeriksbana vert med i det stort annonserte samferdslelyftet som både Liv Signe Navarsete og Jens Stoltenberg forkynte i førre veka.

Raud-grønt krav

Brekko får følgje av dei raud-grøne partia i Bergen, Vaksdal og Voss. Onsdag gjekk det brev frå dei til samferdsleministeren der dei bed om at Bergensbana omsider får den plass i NTP som dei meiner ho fortener.

Eit naturleg mål, meiner dei raud-grøne, er at Bergensbana kjem ned i 4 timar reisetid innan 2019, mot 6 timar og 30 minutt i dag.


Les også: Sviktar som godsbane

Ringeriksbana er rekna til 7 milliardar kroner. I tillegg kjem planlagde tiltak mellom Bergen og Myrdal, rekna til 2 milliardar kroner. Ein tredjedel av dette er ny tunnel gjennom Ulriken.

Trur på Liv Signe

I brevet til Navarsete vert det peika på at Vossebana er nedsliten, umoderne, og at store delar av traseen er frå slutten av 1800-talet.

Reisetida med tog Bergen-Voss kjem opp mot 1 time og 20 minuttar. Reisetida bør halverast før Vaksdal og Voss kan verta ein naturleg del av omlandet til Bergen, hevdar dei raud-grøne.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, KrF, er Hordaland sin representant i Forum nye Bergensbanen. Ho seier at ho har stor tru på samferdsleminister Liv Signe Navarsete, som så langt har følgt opp det ho har lova.

— Det er eit enormt engasjement for Ringeriksbana no. Stortingsvedtaket er gammalt, så det er på høg tid at arbeidet kjem i gang, seier Selsvold Nyborg.

Til så lenge vekslar Jan-Halvard Brekko mellom tvil og tru:

— Dersom ikkje Nasjonal Transportplan legg opp til omfattande modernisering og bygging av Ringeriksbana, så er eg overtydd om at Bergensbana har sett sine beste dagar.

Er det håp for Bergensbana? Diskuter saka!

FOTO: ARNE HOFSETH
Håvard Bjelland