Høgtrykk fra nord og lågtrykk frå sør møttest i dei tronge vestlandsdalane i helga. Det førte til at årets gode fruktavlingar vart kraftig redusert for mange av bøndene langs Sørfjorden.

Dei sterke vindkasta har ført til at morellavlingane hans er blitt redusert med fleire titals prosent.

DAGEN DERPÅ: Plasten heng fremleis på.
KJETIL SEKSE
Treverk, plast og not er øydelagt.
KJETIL SEKSE
Moreller som har blåst ned.
KJETIL SEKSE

— Det såg ut til å vere eit toppår med alt det gode vêret me har hatt. Men etter herjingane dei siste dagane vil me få store reduksjonar. I eitt av felta er meir enn 30 prosent av avklingane øydelagt.

Kraftige stolpar med streng har velta og presenning har blitt øydelagt. Både vind og fukt har herja med morellane, og gjort dobbel skade, fortel frutbonden.

Del av kvardagen

Lutro ønskjer å få fram at dette er ein del av kvardagen ved å vere fruktbonde i Hardanger, og at dei såleis held humøret oppe.

— Dette er ei kraftig påminning om korleis naturkreftene kan vere. Me driv ein risikosport, og til vanleg er det ei glede og sjå korleis naturen verkar. Me må berre gjere det beste utav situasjonen.

Det er for det meste morellbøndene som er blitt råka av dei kraftige vindkasta. Men fruktbonde Halldor Elling Eidnes har fått det svært ille for epleavlingane sine.

— Vinden har gjort at mykje av epleknytingen har gått i bakken. Ein god del av trea har blitt velta, og det same gjeld for plommene.

Eidnes trur han har mista rundt 20 tonn av dei totale epleavlingane. Før styggevêret hadde han rekna mellom 50 og 60 tonn.

— Det kan godt hende at det er meir enn eg fryktar som er blitt øydelagt. Det ser jo ut som eit krigsområde, seier han.

Hardanger var episenter

Statsmetereolog Anna Reistad fortel at Hardangerfjorden var episenteret for tre naturkrefter som møttest no i helga.

— Dette skuldast ein kombinasjon av kaldfrontpassasje. Me hadde ein situasjon over nordlege Skandinavia der det vart bygd opp høgtrygg, og sør i Nordsjøen der det vart bygd opp lågtrykk. Når desse frontane møttest vart det ein krig mellom to luftmassar.

— Akkurat Hardanger var veldig utsett for vindretning frå fjellet ned til fjorden, og denne forsterkar effekten av desse frontane, fortel Reistad som melder om lite vind framover.

Tips eller bilete? Send MMS/SMS til 2211, eller skriv e-post