— Lungekreft er ein av dei krefttypane som tar flest liv i heile den vestlege verda. Tilfella blant kvinner aukar mest, seier overlege Knut Skaug ved medisinsk avdeling på Fylkessjukehuset i Haugesund.

Langtidsutsiktene for eit menneske med lungekreft er dårlege. Fem år etter at diagnosen er stilt, lever under ti prosent av pasientane.

— Det er svært lite å stilla opp mot ein svulsttype som lungekreft. Nyare behandlingsmetodar har ikkje vist seg å forlenga levetida vesentleg, men det ser ut til at cellegift og stråling, eller kombinasjonen av desse, betrar livskvaliteten hos nokre pasientar, seier Skaug til BT.

30 år med røyk

Han meiner at auken i talet på kvinner med lungekreft er svært dramatisk.

— Yngre kvinner i 50-åra som får lungekreft, har ofte ei 30 år lang røykehistorie bak seg. Tobakksrøyking er ein viktig del av årsaka til at dei utviklar kreft, seier Skaug.

Han har gått gjennom 245 tilfelle av lungekreft hos kvinner og menn i Nord-Rogaland og Sunnhordland i perioden 1990-96. Av dei første hundre pasientar som døydde av lungekreft, hadde berre éin fortid som ikkje-røykar.

— Er kvinner meir mottakelege for lungekreft?

— Fleire forskarar hevdar at kvinner er meir følsame overfor skadeverknadane av tobakk enn menn.

Det hjelper å slutta

Men om biletet er dystert, er Skaug glad for å kunne seia at det faktisk nyttar å slutta:

— Dersom du har røykt i 20 år, og så sluttar heilt, vil risikoen for lungekreft minka år for år. Etter 20 år som ikkje-røykar, har du ikkje større risiko for å få lungekreft enn dei som aldri har røykt.

Fordi røykevanar ofte blir lagt i ungdomsskuletida, meiner Skaug at det først og fremst er viktig å finna pedagogiske metodar som får ungdom til å endra åtferd .

— Som lungelege kjem eg ofte svært seint inn i biletet. Av og til funderer eg på om eg heller burde jobba i ungdomsskulen enn her på sjukehuset.