Advokat Sjur Vinje på Voss har no stemna staten inn for Oslo tingrett for grove sakshandsamingsfeil. Vinje meiner Belic-saka er noko av det verste han har sett.

— Det står i føresegnene til utlendingslova at søkjarar under 18 år skal ha foreldre med på asylintervju. Under intervjuet med dei to jentene blei heilt elementære reglar brotne. På bakgrunn av dette har vi fleire gonger reist krav om nytt intervju. Det er blitt neglisjert, seier Vinje.

UDI avviser

Utlendingsdirektoratet (UDI) avviser kategorisk påstandane frå advokaten:

— I denne saka var situasjonen slik at mor ikkje ønskte å vere med, seier kommunikasjonsdirektør Geir Løhndal i UDI.

Advokaten har ei heilt anna oppfatning. Hans versjon er at UDI sette seg mot at mor skulle vere til stades, og at familien til slutt gav etter.

Verja kunne ikkje romansk, morsmålet til dei to jentene.

— Det einaste ho gjorde var å stryke oss over ryggen eit par gonger, og seie at dette går bra, fortel Tanja.

Direktoratet forsvarer seg med at det var tolk til stades. Jentene meiner tolken, ein nordmann som hadde lært seg romansk, ikkje var stø i språket.

— Det var mange ord han sa vi ikkje forstod, fortel Olga.

Dette er det einaste UDI vil ta sjølvkritikk på:

— Dersom det er korrekt, er det ikkje slik det skal vere. Men alle tolkane vi brukar er kvalitetsgodkjende, understrekar Løhndal.

Frist til i dag

I følgje advokaten skjedde fleire graverande ting under avhøyret. Det tok over fire timar, og var så tøft at mora måtte gje jentene roande medisinar.

— Vi har vitne som såg korleis situasjonen var i den pausen, seier advokaten.

UDI meiner dette er totalt feil.

— Dette stemmer absolutt ikkje, seier Løhndal.

Til Bergens Tidende seier advokat Vinje at det første intervjuet er svært viktig.

— All erfaring viser at det er alfa og omega. UDI aksepterer rett og slett ikkje ting som kjem fram i ettertid. Dei trur ikkje på det.

Oslo tingrett har no komme med framlegg om rettsleg mekling mellom partane. Familien Beli har stilt seg positive til dette.

— Dette er ei ny ordning som eg har tru på. Vårt håp er at familiens sak blir tatt opp att frå grunnen av, seier Vinje.

Utlendingsnemnda har frist til i dag med å svare tingretten.