– Stanken er blitt meir intens enn han var i august, sjølv om det har regna og blåse i det siste, seier Gjermund Halsvik. Han er ein av dei næraste naboane til tankanlegget, og synest uvissa knytt til innbyggjarane sine helseplager vekene etter ulukka var det verste.

– Vi visste ikkje om det var farleg, om vi skulle reise derifrå. Det var viktig for oss å få all informasjon om kva vi kunne forventa, seier han.

Den informasjonen tok det veker før innbyggjarane fekk, endå fylkeslegen i sitt notat seier opplysningane kunne vore tilgjengelege same dag som ulukka.

Halsvik meiner kritikken mot oppfølgingsarbeidet må delast mellom kommunen, Statens forurensingstilsyn og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

– Altfor mykje blei overlate til Vest Tank sjølv. Det var vi naboar som følte det på kroppen som måtte ta initiativet for å finne ut kva som skjedde, seier han.

Han legg til at kommunen i månadene etterpå har gjort eit godt arbeid for å byggja opp ein ny beredskap.

Men uvissa er der enno. Innbyggjarane har ikkje fått informasjon om kvifor det no luktar sterkare.

– Vi er litt roa av at det ikkje skal vere farleg, men ingen har testa den lufta vi pusta inn dei første dagane. Vi veit heller ikkje om vi framleis må leve med lukta. Den er ubehageleg, og set ned livskvaliteten ganske kraftig, seier Halsvik.

Også Finn Midtbø, som jobbar like ved Vest Tank, sakna meir informasjon like etter eksplosjonen.

– Hadde bedrifta fått vite at det kunne føre med seg helseplager, kunne dei ha bede oss om å halde oss unna. Jo mindre du veit, jo meir uroar du deg. Og no når lukta tar seg opp igjen, byrjar vi jo å lure, seier Midtbø.

SAKNA INFORMASJON: Gjermund Halsvik er framleis plaga av lukta i Sløvåg, sjølv om ho ikkje lenger gjer han sjuk. Her med dottera Ida (9) og venninna Emelie Virkesdal (10).
Valde, Vegar