Det var nesten fullt i kinosalen i Høyanger i ettermiddag, då dei blei halde eit informasjonsmøte etter søndagens brann. Om lag to hundre personar, både pårørande og frivillige som deltok i redningsaksjonen, samt pressefolk, var møtt fram.

Politiet veit så langt lite om årsaka til brannen.

— Det einaste vi er sikre på er at brannen ikkje starta i første etasje, sa lensmann Ola Hellebø på møtet.

- Kaotisk

Ifølgje Arnt Olav Aas, som er innsatsleiar i politiet, var det i ein periode svært kaotisk på brannstaden.

— Det var kaos i området då eg kom fram. Eg frykta at det kunne gå veldig gale, sa Aas til forsamlinga.

Ei stund var to personar sakna, og ein frykta at desse var inne i bygningen.

Les også: - Reddet liv i flammehavet

— Det var problematisk å vite kor mange personar vi fekk ut, og ei stund mangla vi to personar frå ei liste vi opererte med, sa Aas.

Fekk ros for innsatsen

Politi og brannvesen nytta høve til å dele ut ros til alle dei som deltok under redningsaksjonen. Fleire frivillige samarbeida om å hente ned totalt elleve personar frå verandaene i andre og etasje. Personane blei bore ned stigane av dei frivillige.

(Saken fortsetter under videoen)

I tillegg fekk helsepersonell, som blei innkalla og stilte på kort varsel, ros for innsatsen.

Totalt blei tolv personar sendt til sjukehus etter brannen. Sju av desse budde på omsorgsheimen, to var helsepersonell, ein vaktmeister, ein frivillig og ein budde på sjukeheimen.

For tre av dei skadde er tilstanden alvorlig. To av desse, to kvinner på 94 og 87 år, er utanfor livsfare. Tilstanden til den tredje, ein 88 år gammel mann, var lenge livstruande. Klokka 11.00 måndag formiddag meldte sjukehuset at tilstanden hans har stabilisert seg.

Har fått tips

Politiet har fått fleire tips om korleis brannen kan ha starta, men vil førebels ikkje sei kva dei går ut på.

— Vi har ikkje konkludert med noko, så eg vil ikkje spekulere i dette no. Vi tek fatt på åstadsarbeidet tysdag, seier Høyanger-lensmann Olav Hellebø.

Lensmannen meiner at det ikkje vert naudsynt å kople inn Kripos i etterforskinga.

— Vi forsøker å greie det med eigne styrker, seier han.

Rune Sviggum, Ytre Sogn Avis / SCANPIX