Situasjonen med forfalne naust og sjøbuer er lik over heile kysten, stadfestar fylkeskonservator i Hordaland, Per Morten Ekerhovd og Arlen Bidne, rådgjevar for arkitektur og bygningsvern i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

— Det har vore lite fokus på kystkulturen, og me står no att med færre kulturminne enn i innlandet. Det hastar å gjera noko for å ta vare på og vidareutvikla kystkulturen, seier Ekerhovd.

- Sjå til Lofoten

  • Det er viktig at verneverdige bygg er i bruk. Då blir dei ikkje sett på som ei belastning, men ein ressurs for eigar som dermed tek vare på og vedlikeheld dei, seier Bidne.

Ekerhovd er ikkje framand for tankane om å ta i bruk naust til turisme.

  • Sjå til Lofoten der dei har brukt rorbuer til utleige. Store deler av Vestlandskysten har same potensial, seier Ekerhovd.

Han ser at strandsonelovgivinga kan vera problematisk, men meiner det handlar om å finna dei gode prosjekta som også legg til rette for allmenn bruk.

Han viser til det nyleg lanserte prosjektet «Nye næringar under gamle tak».

Det fins i dag 180.000 landbrukseigedomar i landet, og mange av dei har bygningar av kulturhistorisk verdi. Målet er å ta dei i bruk i samband med nye funksjonar, næringsutvikling og utleige.

— Vår oppgåve er å hjelpa folk til å tenkja kreativt utan at dei øydelegg strandsona og nausta, seier Ekerhovd.

- Ikkje berre enkelt

Bidne minner om at det finst støtteordningar for restaurering av bygg.

  • Kystkulturen er viktig å ta vare på. Kulturminnefondet har til dømes hatt kystkultur som satsingsområde i fleire år, seier Bidne.

— Tanken er god, men det er ikkje berre enkelt, seier Harald Nordstrand (Sp), fungerande ordførar i Sund kommune.

Han viser til at det stadig er ein kamp med Fylkesmannen når kommunen ønskjer å endra arealbruken langs sjøen. Dessutan kan det vera duka for nabokonfliktar dersom ikkje alle nausteigarar i eit område er einige om turistsatsing.