— Det har vore ganske jævleg. Eg tenkjer mest på kjærasten min som er arrestert og som har mista ein veldig god kompis. For han må det vere enda jævlegare. Politiet har ikkje latt meg snakke med han i heile tatt.

Den spedbygde 22-åringen er raud rundt augene når ho møter Bergens Tidende for å gje sin versjon av turen som endte i tragedie nord for Halmstad i Sverige natt til måndag.

— Det var ei innskyting vi fekk laurdag. Kameraten til kjærasten min ville invitere oss med på biltur. Venninna hans hadde fått barnevakt til den 14 månader gamle dotter si, og eg greidde også å skaffe barnevakt. «OK, vi reiser!», sa vi. Overnatta på hotell i Oslo

22-åringen har sjølv ei eitt år gammal dotter saman med den arresterte 26-åringen.

— Vi hadde aldri vore på ferie før utan henne, så det var litt spesielt, seier 22-åringen.

Målet for turen var først Oslo, så gjennom Sverige og Danmark og kanskje til sist Tyskland.

— Vi skulle i Tivoli i København, det snakka vi om. Elles skulle vi sjå kor langt vi kom. Dei to i den andre bilen skulle byrje på skulen igjen i neste veke. Dei var ikkje kjærastar, berre gode venner, seier kvinna.

Etter å ha overnatta på hotell i Oslo natt til søndag og litt kafeliv dagen etter, køyrde dei vidare mot Sverige seint søndag kveld.

Dei to jentene snakka fleire gonger om at dei kanskje skulle snu og heller reise heim til jentene sine.

— 19-åringen hadde festa to bilete av dottera på solskjermen inne i kupeen. Ho sakna henne slik, seier 22-åringen.

Begge kasta ut

Nokre mil nord for Halmstad stoppa dei fire for å ta ei røykepause.

— Då vi skulle avgarde att, la dei to i Mercedesen i veg nokre minutt før oss. Då vi hadde køyrd i kanskje eit kvarter, stod det to-tre bilar i vegkanten. «Er det dei?» spurde eg kjærasten min.

22-åringen sprang ut og bort til den eine bilen.

— Der låg det ein person på bakken. Eg kjende henne att på kleda. Eg kunne kjenne at ho i alle fall pusta, seier 22-åringen.

Deretter prøvde ho å finne kameraten som hadde køyrt. Ho kraup inn i den samanklistra Mercedesen, men kunne ikkje finne han. Han var også kasta ut i den voldsomme smellen.

— Han låg på magen bak bilen. Det kjendest som han hadde litt puls. Etter kvart kom det ein brannmann og prøvde å gje hjartemassasje. Han fekk også ei oksygenmaske. Men etter kvart ga dei opp og drog meg vekk. Det var ingen vits, seier kvinna og tørkar tårane.

- Ville ikkje la sakene liggje

Ho og kjærasten vart tatt med til sjukehuset. Til slutt fekk ho kome inn til den hardt skadde venninna, som var medvitslaus.

— Då eg kom ut att, var kjærasten min henta av politiet, seier 22-åringen.

Politiet hadde funne sprengstoffet i metallflaska og fenghetter i BMWen.

— Eg forstår det ikkje. Det var kjærasten min som fann flaska utanfor bilen og som ga henne til ein brannmann. Det ville han vel ikkje gjort om han visste kva det var? seier bergenskvinna.

Ho har inga som helst forklaring på kvar bomba kom frå. Posen med fenghetter seier ho at ho aldri hadde sett før politiet viste henne dei.

— Alle sakene frå Mercedesen låg strødd utover. Vi ville ikkje la det liggje igjen, og samla saman det vi fann. Vi hadde all bagasjen vår i deira bil, og ville flytte den over til vår. Kanskje vart posen også med over, eg veit ikkje, seier 22-åringen.

Hadde nettopp fått bilane

Ho seier også at ho ikkje veit noko som helst om bilane dei køyrde.

— Kjærasten min fekk BMWen for ein månads tid sidan. Han sa noko om at bilen var lånt frå ein kamerat på Austlandet. Eg trur kanskje kjærasten min hadde tenkt å kjøpe han, eg veit ikkje. Vi snakka ikkje om det.

22-åringen trur at også den 26 år gamle kameraten fekk Mercedesen for mindre enn ein månad sidan.

— Om bilen var hans veit eg ikkje. Det var aldri snakk om det, seier ho.

— Kva tenkjer du når du får vite at skilta var falske?

— Eg tykkjer det er veldig rart. Eg trudde ikkje det var enkelt å lage falske skilt, seier 22-åringen. Bergenspolitiets påstand om at kjærasten har vore med og oppbevart seks kilo hasj og 100 gram kokain vil ho ikkje snakke om.

— Den saka har ikkje noko med dette å gjere, har ho vel, seier 22-åringen.

MC-koplinga forstår ho ingenting som helst av.

— Eg har aldri sett nokon av dei køyre motorsykkel. Dei har aldri vore med i noko MC-miljø, seier 22-åringen.

Sjølv er ho ikkje mistenkt for å ha gjort noko gale. I dag set ho seg på toget heim til dottera i Bergen etter tre harde og vonde døgn aleine i Halmstad.