Lukta ligg tungt rundt huset til familien Halsvik, som er blant dei som best har fått merke eimen frå tankane på Sløvåg. Ein kilometer i luftlinje til tankanlegget i Sløvåg gjer familien til blant dei næraste naboane. Det har dei kjent på kroppen.

— Kvalme og hovudverk. Vi vaknar om nettene, til og med. Vi blir dårlege av å vere her, seier Gjermund Halsvik.

Tilflukt i Knarvik

— Tar du to-tre magedrag, blir du susen med ein gong når det står på som verst, seier Halsvik. Sjølv om det er over to månader sidan ulukka, kjem stanken ofte tilbake.

— Sist helg var den veldig intens. Då merka vi det godt, alle saman, seier Halsvik. Og fortel at om det blir for ille, søkjer familien tilflukt i Knarvik eller Bergen.

Då det small, hadde dottera Ida (9) besøk av ei venninne. Dei leikte krig saman, og fekk brått ein ekstraeffekt til leiken då det small på ettermiddagen den 24. mai.

- Svart sky

Fleire Bergens Tidende har snakka med, har opplevd ulike grader av sjukdom etter tankeksplosjonen. Blant dei verst råka er Trond Rambjørg. Seinast i sist veke fekk han spyanfall. Den første tida hadde han plagar nesten heile tida, medan det no går lengre tid mellom anfalla.

— Etter eksplosjonen kom det ei svart sky innover mot huset. Eg blei kvalm med ein gong, seier Rambjørg. Han og resten av familien flykta til Masfjorden og kom tilbake først dagen etterpå.

Dårleg stemning

Både Rambjørg og Halsvik er redde for korleis eksplosjonen vil påverke framtida.

— Folk her er skeptiske. Eg syns det er ubehageleg å ikkje vite noko om langtidsverknadene. Kva er faren ved å puste inn dette over tid? Det er uvissa som er verst, seier Halsvik.

Over ein månad etter eksplosjonen er lukta ofte på besøk, alt etter vindretninga.

— Då må eg stenge alt av vindauge. Det svir å puste, eg blir kvalm, får sår hals og ei veldig hovudpine, seier Rambjørg.

Både hos Trond Rambjørg og hos familien Halsvik meiner dei å ha merka dei same symptoma lenge før eksplosjonen - og daterer det tilbake til i fjor haust. Det fell i så fall saman med tidspunktet for lossinga av avfallet frå lasteskipet «Probo Emu».

valde, vegar
Valde, Vegar