— Det hadde sjølvsagt vore betre om me kunne bruke ein spray i staden for sprøyte. Me risikerer å få infeksjonar når me stikk pasientar med nåler, seier ambulansesjåfør Otto Sætre-Hansen.

På ambulansestasjonen i Bergen sentrum gjer seksjonsleiar Sætre-Hansen seg klar for dagens femte utrykking. I ambulansen får han beskjed om at det er snakk om ei overdose. Pasienten er bevisstlaus og pustar dårleg. Ambulansesjåføren finn raskt fram motgifta Nalokson som han gjer mannen i tjueåra gjennom ei sprøyte i armen.

— Motgifta hjelp han å puste normalt. Dei fleste som døyr av overdose, døyr av mangel på oksygen, fortel Sætre-Hansen.

Prøveprosjekt

I juni 2014 starta utdelinga av den såkalla overdosesprayen, ein nasespray som inneheld Nalokson, og som myndigheitene håpar skal senke talet på overdosedødsfall. Bruken av nasesprayen er eit prøveprosjekt, der mellom anna rusavhengige, pårørande, og politiet i Bergen får bruke sprayen på pasientar som har tatt overdose.

No reagerer ambulansetilsette på at dei blir nekta å bruke nasesprayen. Dei må nemleg bruke sprøyte for å gje overdosepasienten den same motgifta.

Risikerer smitte

Nalokson har i fleire år vore brukt av helsepersonell på pasientar som har tatt heroinoverdose, då ved å injisere motgifta. Overlege og sjef for akuttmedisinsk avdeling I Bergen, Guttorm Brattebø, meiner at også helsepersonell burde få bruke nasesprayen.

— Det er mykje tryggare for helsepersonell å bruke ein nasespray enn å bruke sprøyte på pasienten. Det er er alltid ei fare for å stikke seg på nåler frå pasientar som har infeksjonar, seier Brattebø.

  • Det er jo rart at vanlege folk og politiet får bruke sprayen, men ikkje ambulansepersonell som jobbar med dette til dagleg.

Han legg til at spray kan vere ein meir effektiv måte å behandle overdosepasientar på.

— Det er ei raskare, og ikkje minst ei enklare metode å gje behandling på. All behandling der me slepp å stikke pasientar med sprøyte er å føretrekke.

Ikkje godkjent som medikament

Årsaka til at ambulanspersonell ikkje får bruke sprayen er at nasesprayen ikkje er godkjent av Statens legemiddelverk som eit vanleg legemiddel i Noreg.

— Naloksonsprayen er ein del av ein studie, difor er den ikkje tilgjengeleg for helsepersonell, seier medisinsk fagdirektør i Statens legemiddelverk, Steinar Madsen.

I løpet av 2016 skal Senter for rus— og avhengighetsforskning (SERAF) evaluere bruken av overdosesprayen.Dersom ordninga er vellukka, kan overdosesprayen bli tilgjengeleg for brukarar og pårørande i resten av landet. Men det er førebels ingenting som tydar på at sprayen vil bli tatt i bruk av ambulansepersonell.

— Det skjer ikkje før etter gjennomført studie. Då må helsemyndigheitene eventuelt anbefale at også helsepersonell skal bruke sprayen, seier prosjektleiar for Naloksonprosjektet, Philipp Lobmayer.

- Ville gjort kvardagen vår enklare

Nestleiar i Ambulansepersonellets yrkesorganisasjon (AMPY), Frank Grydeland, meiner det er betenkeleg at helsepersonell ikkje får bruke sprayen.

— Ein slik spray ville utan tvil gjort kvardagen vår mykje enklare. Det er rett og slett merkeleg at så mange med ikkje-medisinsk bakgrunn brukar den, men ikkje oss som faktisk jobbar med dette, seier Grydeland.

Han skulle gjerne sett at tryggleiken til ambulansepersonell blir betre ivaretatt, sjølv om det finst gode rutinar for å verne helsepersonell mot smitte og infeksjonar.

— Me er ei utesett gruppe når det gjeld smittafare. Me er først på staden og anar ikkje kven me møter. Me har gode rutinar, men det er alltid pasienten som kjem i første rekke.

Tapar pengar

Sjef for akuttmedisinsk avdeling i Bergen, Guttorm Brattebø, meiner det kan vere økonomisk gunstig for Helse Bergen dersom helsepersonell får utdelt overdosesprayen.

— Det er mange hos oss som ikkje har sertifisering til å gje motigifta Nalokson med sprøyte, fortel Brattbø.Det betyr at dersom ein ambulanse rykkar ut til ei overdose der ingen i bilen har slik autorisasjon, må dei tilkalle ei ny ambulanse.

— Dersom ingen er tilgjengelge, må vi i verste fall tilkalle luftambulanse. Det seier seg sjølv at dette både er tidkrevjande og dyrt, seier Brattebø.

— Hadde me hatt gode data på at sprayen fungerer godt, kunne me brukt den. Forhåpentlegvis får me svaret snart.

VIL HA ENDRING: Sjef for akuttmedisinsk avdeling i Bergen, Guttorm Brattebø, meiner at overdosesprayen må bli tilgjengeleg for helsepersonell.
Rune Sævig