Etter ein lang helikoptertur landa statsråd Ola Borten Moepå Airlift-basen på Bringeland ved Førde tysdag føremiddag. Og noko av detkraftline-statsråden hadde merka seg under turen over til Vestlandet, var kormykje plass vi har her i landet.

— Dette er jo ein refleksjon ein gjer seg etter å ha flogeover landskapet, var noko av det første Borten Moe sa etter å ha sett foten påvestnorsk asfalt.

Deretter steig han på ny ombord i AirLift-maskina for å inspiseredei omsøkte traseane for 420 KW-lina mellom Fardal og Ørskog fråhelikoptersetet. Ombord fekk han løpande guiding frå Statnett sine folk.

Statsråden og følgjet hans flaug langs dei ulike alternativasom enno ikkje er vedtekne, frå Moskog i Førde via Naustdal til Flora kommune, derettermot Ålfoten i Bremanger og vidare nordover til endestasjonen Ørskog påSunnmøre.

Like viktig som sjølve befariga var nok møtet med dei lokaleordførarane i kommunane som blir berørt av gigantlina, der Borten Moe fekkhøyre klare meiningar. Som for eksempel under den korte pausen i Naustdal, derordførar Håkon Myrvang ikkje la skjul på kommunens misnøye med at lina ikkje blirlagt i fjordkabel.

— Ei luftline vil bli til stor ulempe for vår kommune, uansettkva alternativ som blir vald, var Myrvang si melding til energistatsråden.

Hvor bør kraftlina byggast? Sei di meining.