Administrerende direktør Jon Bolstad i Helse Førde blir, ikkje uventa, sitjande. På gårsdagens styremøte tok han nok sjølvkritikk på møbelkjøp, tilsetjingssaker og manglande openheit til at styret var nøgd.

— Styret har full tillit til Bolstad. Og legg merke til at og tilsetterepresentantane stemte for vedtaket, seier styreleiar Clara Øberg.

Bolstad held ei halv time lang utgreiing for styret om sakene som har kome fram i media den siste veka, før styret kasta presse og observatørar på gangen og drøfta saka.

Bolstad tok sjølvkritikk på møbelkjøpa, men sa samstundes at det ikkje var noko sløsekultur i Helse Førde.

Då styret kom ut att var det med eit samrøystes vedtak om at dei tek orienteringa «til etterretning».

Styret seier samstundes at det burde vore kjøpt rimelegare møblar og at ledige stillingar no skal lysast ut.

Bolstad, som har tilsett fleire kjenningar frå Rælingen kommune dei siste to åra, lovar å vise større varsemd i personalsaker framover.

Helse Vest skal orientere helseminister Sylvia Brustad om saka i dag.

ALVORSTUND: Helse Førde-sjef Jon Bolstad tok sjølvkritikk, og styret slutta seg kritikken av møbelkjøp, tilsetjing av gamle vener og manglande openheit. Bolstad flankert av styremedlem Kjell Opseth og styreleiar Clara Øberg. Overlege Rune Larsen i bakgrunnen. FOTO: JAN M. LILLEBØ