• Her hentar eg sjela mi. Eg trur nok ho bur her. Framleis. Oddny Miljeteig kastar eit blikk over frå Eikemo til den andre sida av Åkrafjorden der trailarane durar fram etter nyvegen. På rekkje og rad.

Langs den andre sida av fjorden, der barndomsheimen til ordførarkandidaten til Bergen Sosialistisk Venstreparti ligg, er det framleis ikkje veg. Ikkje ein gong den alltid kampviljuge Oddny Miljeteig reknar med at det nokon gong skal skje at det vert veg der. Då grenda vart lagt inn under Etne kommune midt på 60-talet, vart det for seint, meiner ho.

Makta er ein annan stad

— Ja, eg trur ein vert sterk av å veksa opp på ein plass som denne, seier Miljeteig då vi har fått benka oss rundt stovebordet der nysteikte rundstykke, bollar og kaffi ventar.

— Eg var ikkje gamal før eg skjøna at makta var ein annan stad enn her. Vi som kjem herifrå, lærte tidleg at var det noko vi ville, måtte vi å stå opp og målbera krava våre sjølv. Miljeteig trur ikkje det er tilfeldig at to tidlegare Etne-ordførarar har kome frå Åkrafjorden.

Både Lars Øyre og Lars Lundal har røtene sine der. Oddny Miljeteig flytte heimafrå då ho var 13 år. Då byrja ho på ungdomsskulen i Etne.

— Sidan har eg ikkje budd her. Men det er likevel her eg kjenner meg mest heime. Eg trur at vi som kjem frå plassar som dette vert svært rotfesta og heimkjære.

— Er Eikemo meir heime enn Bergen?

— I mange år var det nok det. Men etterkvart som åra går, er det vorte slik at eg er like mykje heime i Bergen som her. Det kjennes godt. Det hadde vore mykje verre om eg ikkje hadde kjent meg heime verken her eller der.

— Men det er framleis her eg hentar nye krefter, legg ho til.

Hobbygardbrukar

Det er sju år sidan foreldra hennar flytte frå garden i fjellsida over Åkrafjorden. Sjukdom gjorde det umogeleg å bu på ein veglaus plass. No er begge foreldra hennar borte. Men Oddny Miljeteig og mannen hennar, Terje Rørmark, og borna, Ola (16), Ragnar (13) og Ingrun (10), prøver å skjøtta garden så godt dei kan langvegsfrå.

— Med fire timars reisetid frå Bergen og eit travelt kvardagsliv seier det seg sjølv at det berre vert det mest naudsynte som vert gjort, seier politikaren og fagforeiningskvinna medan ho viser rundt på garden.

— Eg let att auga for at vi ikkje lenger slår heile jordet slik mor og far gjorde.

— Men hagen til mor prøver eg å halda i stand så godt råd er når hagestellet må avgrensast til langhelger og sommarferien.

Ingen bygderomantikar

Oddny Miljeteig likar bygdeliv, men vil ha seg fråbeden å verta kalla bygderomantikar.

— Til det har eg slite for mykje, seier ho.

— Busetnaden på stader som Eikemo balanserer på ein knivsegg. Men den dagen det ikkje lenger finst slike plassar som dette, har vi fått eit mykje fattigare samfunn, seier ho.

Draumen er at når mannen og ho vert pensjonistar, skal dei bu her i bakkane mykje av året. På Eikemo meiner dei at dei har alt dei treng. Godt husvære, innlagt vatn, ved og vatn. Og ein båttur over fjorden og 20 minuttars biltur borte ligg næraste tettstad, Skånevik.

Oddny Milljeteig synest ikkje det er så avsides på Eikemo. På tunet står nyinvesteringa som alt i sommar skal gjera både vedhogst, slått og ikkje minst frakting opp og ned bakkane til sjøen lettare for familien: Ein splitter ny trehjuls motorsykkel som tek seg fram nesten like godt i terrenget som langs vegen.

— Eg plar å seia til ungane at sykkelen er forklaringa på at vi aldri har vore på Syden-ferie, seier ho.

Politikk-fri sone

Skal vi tru SV-politikaren, er heimegarden nesten politikk- og politikarfri sone. Åkrafjorden ligg for langt av lei til at politiske meiningsfeller kan inviterast frå byen til tenkjemøte. Verken i stova eller på utedoen ligg politisk korrekte romanar eller marxistisk litteratur framme for tidtrøyte. Men filofaxen og ein berbar pc har fått plass ved sidan av telefonen.

— I fall noko skulle koma på slik at eg må skriva lesarinnlegg, forklarar eigaren.

Politisk tenking blir det likevel tid til i ferien.

— Mykje av tida går med til praktisk arbeid her. Då får eg tid til å tenkja.

— Arbeid har alltid vore ein del av kvardagslivet heime på garden. Som vanleg var i 50- og 60-åra på bygdene, måtte Miljeteig ta del i gardsarbeidet så snart ho hadde fri frå skulen.

— Men eg fekk alltid fri midt på dagen. Då gjekk eg opp til Eikemo til venninnene mine for å bada.

Ny kamparena

I august er Miljeteig attende i byen. Då tek valkampen til og førebuingane til ein ny epoke i hennar politiske karriere.

— Jau, det vert nok ein overgang. Folkets Hus og Rådhuset er ikkje nett same kamparena. I Rådhuset vert det meir byråkrati. Som gruppeleiar vert det fleire einskildsaker eg må setja meg inn i. Men tema vert dei same som før: Kampen mot fattigdom, privatisering og velferdspolitikk.

Miljeteig trur ikkje «by-SV'arane» har noko imot at ei bygdejente vert deira fremste talskvinne.

— Eg er no vorten litt bergensar og etterkvart og legg humrande til:

— I alle fall trur eg det er få bergensarar som har halde så mange appellar på Den blå Steinen som eg.

SJELA MI: Fagforeiningskvinna og SV-politikaren Oddny Miljeteig, hentar krefter og inspirasjon av utsynet frå heimgarden, Tysse, Åkrafjorden i Etne. (FOTO: KNUT EGIL WANG)
FOTO: KNUT EGIL WANG