Frå 14. desember i fjor blei alle spiseplassar i heile Europa pålagt å endre menyane sine. Ei ny merkeordning gjer at alle restaurantar og plassar som sel ferdigpakka mat, må opplyse om kva allergenar som finst i dei forskjellige matrettane.

Matallergikarane jublar, men restauranteigarane rasar.

— Altfor strengt

Skorge-Kristiansen meiner dei nye reglane er altfor strenge.

— I tillegg til å endre menyane må me også kunne dokumentere kva opplysningar me gjer til gjestane. Det er særs tidkrevjande, seier han.

Sluttar med populært tilbod

Dei nye reglane gjeld alt frå finare restaurantar til kebabsjapper i heile Europa. Ein av årsakene til at reglane blei innført, er at fleire av dei mest alvorlege tilfella av allergiske reaksjonar kom etter restaurantbesøk.

— Det burde jo vere nok at me har servitørar som kan opplyse gjestane om kva dei får i seg, seier Skorge-Kristiansen.

Han seier dei nye reglane er så tidkrevjande og vanskelege at han har sett seg nøydd til å avslutte eit av Colonialen sine mest populære tilbod.

— Me må slutte med fredagspakken, eit tilbod der folk kunne ta med seg gourmetmat heim frå restauranten og lage seg eit flott måltid. Kvar fredag endra me menyen, men no blir det for mykje arbeid når me i tillegg må gje opplysningar om alt maten inneheld. Det er leit, men dette må vi berre slutte med, seier restaurantsjefen.

- Allergikarane jublar

Men ikkje alle meiner dei nye reglane er unødvendige. Bo Gleditsch, kommunikasjonssjef i Astma- og allergiforbundet, seier at dei nye allergireglane er eit stor framsteg for matallergikarar.

— Me jublar over at desse reglane no er innført. Me er ikkje i tvil om at dette er til det beste for folket. Det er stadig fleire som får påvist allergiar, det burde andre ta hensyn til.

Han meiner at i staden for å sjå på det nye direktivet som kjeppar i hjula, burde restauranteigarar sjå på dette som ein måte å ha kontroll på kva som finst i maten dei serverer.

— Matallergi blir ofte bagatellisert. No blir matallergikarane tatt meir på alvor, og ein person med matallergi er ikkje lenger berre ein «vrang» gjest på restaurant, seier Gleditsch.

- Kritisk til kravet om endring i menyen

NHO reiseliv er kritisk til den nye ordninga og meiner den gjev eit dårlegare mattilbod til kundane.

— Me er kritiske til kravet om at det skal vere skriftleg informasjon direkte til forbrukaren. No når ordninga er innført, er det viktig for oss at Mattilsynet fokuserer på å gje bedriftene god veiledning, seier Ingegjerd Sælid Gilhus, næringspolitisk fagsjef i NHO reiseliv.

— Når me har ei klassisk fiskesuppe frå Bergen, burde det verkeleg ikkje vore naudsynt å skrive at det er fisk i den, seier Skorge-Kristiansen.