— Når ungane har vore her heile dagen, smiler eg fordi eg har hatt det så kjekt, seier Evangelina Lantadilla.

Ho sit på golvet og leikar med Elida Sofie Vold (snart 2 år) og Sondre Alvheim Abrahamsen (16 mnd). Ho les bok, syng barnesangar og pratar med ungane. Klokka er 10 om føremiddagen. Og snart er det tid for å gå på leikeplassen.

— Vi er masse ute. Det er viktig for ungane, seier Evangelina Lantadilla.

For seks år sidan byrja ho som dagmamma etter å ha jobba 14 år i barnehage både i Chile og i Norge. Ho jobbar «kvitt», i motsetnad til mange andre i bransjen.

— Det er viktig for meg å gjere det korrekt. Og så tenker eg på pensjonen min, seier ho.

Ho har tre barn fast, og får ofte telefon frå nye foreldre som treng hjelp.

— Mange ringer og vil ha plass, seier ho.

Randi Elise Røksund Thorsen var ei av dei som var heldige å få ja frå dagmammaen. Elida Sofie har vore her i snart eitt år.

— Vi fekk ikkje barnehageplass og var litt skeptiske til dagmammaer etter mykje negative skriverier. Det var avgjerande for oss at Evangelina jobbar kvitt og at ho hadde gode referansar, seier Randi Elise Røksund Thorsen.

Ho merkar at Elida Sofie likar seg godt hos dagmammaen.

— Når vi spør «skal vi gå til Evangelina», ropar ho ja. Det er tydeleg at ho likar seg godt. Når ungane er frå eitt til tre år, er dagmamma eit godt alternativ. Men når ho blir tre år håpar eg ho får barnehageplass, seier Røksund Thorsen.

LES, LER OG LEIKAR: Elida Sofie Vold (snart 2 år) (t.v.) og Sondre Alvheim Abrahamsen (16 mnd) kosar seg hos dagmamma Evangelina Lantadilla. For foreldra er ho eit godt alternativ til barnehage, og mykje rimelegare.<p/>FOTO: HELGE SUNDE