• Om ein ikkje har nødvendig ærende, bør ein la vere å køyre langs vegane i Sogn og Fjordane.

Det seier vaktoperatør ved Vegtrafikksentralen i Sogn og Fjordane, Arne Stadheim.

Klokka åtte tysdag kveld stengte Statens vegvesen ei rekkje vegstrekningar i Sogn og Fjordane, mellom anna E39.

Tysdag er desse vegane stengte på grunn av rasfare:

  • E39, mellom Skei og Byrkjelo
  • Fylkesveg 722, Storesunde — Flo, ved Flo
  • Fylkesveg 723, Bødal - Loen, ved Loen
  • Fylkesveg 724, Briksdal - Olden, ved Oldedalen
  • Fylkesveg 664, Otredalen (i Hornindal kommune)
  • Fylkesveg 664, Fossebakken - Navelsaker, ved Navelsaker Ifølgje Stadheim er det usikkert når vegane vil bli opna att, men i alle fall ikkje før det blir lyst onsdag morgon.

- Farleg

  • Det er spesielt dette her, det er ikkje vanleg at vi må stenge så mange vegar. Men det er farleg å køyre langs desse vegane no, og folk bør la vere viss dei kan, seier Stadheim.

Tysdag føremiddag vart ein buss kasta av vegen på grunn av trykket frå eit ras som gjekk på E39. Rasfaren er framleis stor i dette området og i Sogn og Fjordane generelt.

— Aller verst er det i Møre og Romsdal, men også i Nordfjord og Sunnfjord er det stor fare for skred. I Hordaland er ikkje faren for skred så stor no, men den kan auke i løpet av natta, fortel Steinar Skare ved Meteorologisk institutt.

Tysdag ettermiddag var ingen vegar stengte i Hordaland.

Dette er ein situasjon som vi har gått og venta på

Ulrik Domaas, skredekspert

Vil stabilisere seg

Grunnen til at det er så stor skredfare akkurat no, er hovudsakleg at det har snødd mykje det siste døgnet.

— Særleg i Nordfjord har det snødd samanhengande over lang tid. I nokre område er dette vanleg, sånn at folk er vande med skredfare på denne tida av året. Men det er ikkje vanleg at det gjeld så store område, seier Skare.

Han trur ikkje det vil bli verre no.

— Vi forventar noko regn og yr, men ikkje så mykje som det har vore, forsikrar Skare.

— Dette er ein situasjon som vi har gått og venta på. Det kalde vêret i vinter har gjort at fundamentet under snøen er svakt. Når det blir mildare, samtidig som det snør mykje, bryt strukturen saman, forklarer Ulrik Domaas.

Han er skredekspert ved Norges Geologiske Institutt.

— Den første tida med mildver er mest kritisk. Snødekket vil stabilisere seg dersom mildvêret held seg no, seier han.

- Ver obs på E16

I Hordaland er ikkje situasjonen like dramatisk som i nordvest.

— Folk bør vere obs når dei køyrer på E16 mellom Bergen og Voss. Der kan det vere noko rasfare, seier vaktoperatør Camilla Einarsen ved vegtrafikksentralen i Hordaland.

- Kva bør ein tenke på når ein er ute og køyrer no?

— Dersom ein kjem til ein stad det har gått eit ras, bør ein snu og køyre vekk. Det kan kome fleire ras. Ikkje gå ut av bilen for å sjå kva som har skjedd, seier Einarsen.