— Er du oppteken av andre kunstartar enn din eigen?

— Ja, det har jeg alltid vore. Eg er like oppteken av musikk som av litteratur. Eg er også interessert i film, som igjen fører til interesse for biletleg kunst i vidare forstand. Det eine fører til det andre.

- Korleis lar du deg inspirere av musikk? - Det kan vere stemninga eg opplever av melodiane, det klanglege eller det rytmiske. Eg har alltid beundra dei beste som skriv tekstar til rock, pop eller viser, som for eksempel Leonard Cohen, Tom Waits eller Bob Dylan. Dei fortel på ein utruleg effektiv måte, dei lagar slåande bilete, og kombinerer desse med omrissa av ei forteljing. Eg veit at eg langt i frå er aleine om å la meg inspirere av musikk. Her i Bergen er Frode Grytten og Øystein Vidnes døme på det.

- Og du har latt deg inspirere av musikk konkret i ditt eige skjønnlitterære arbeid? - Utan at eg prøvde det bevisst, dukka det opp kunst og musikk i boka «Ingen skal sove i natt». Ein av karakterane måler bilete, fotograferer og har mange tankar om kunst. Boktittelen er namnet på ein arie henta frå operaen «Turandot» av Puccini. Boka er også bygd opp som ein opera i tre akter. Forskjellen er at slutten ikkje er tragisk.

- Du jobbar også som musikkmeldar? - Ja, dei siste åra har eg meld rockemusikk i Dag og Tid. Rockemusikk veit eg ein del om. Biletkunst og teater har eg meir allmenn kunnskap om.

- Bruker du andre kunstformer på fleire måtar i arbeidet ditt? - Eg jobbar med ei doktorgradsavhandling om korleis biletkunstnarar, forfattarar, skodespelarar og andre fortel om historien på andre måtar enn det historikarar gjer. Konkret dreier det seg om korleis drapet på Kennedy blir framstilt kunstnarisk. Gjennom dette arbeidet har eg blitt meir interessert i performance og teater.

Noko eg har tenkt mykje på i samband med doktoravhandlinga, er at ein kunstmålar, for eksempel, ofte kan ha meir til felles med ein filmskapar enn med ein annan målar. Ta eit måleri av Edward Hopper. Det finst filmskaparar som lagar bilete med same bruk av lys og skugge, og som fangar einsemd og anger slik Hopper gjer. Ein kan også finne Hoppers bilete igjen i ein litterær tekst eller i ein melodi snarare enn i eit anna måleri.

- Kunne du ha tenkt deg å jobbe med andre kunstformer enn din eigen? - Ja, absolutt. Eg kunne godt tenkt meg å for eksempel ha musikk til når eg har les for publikum. Eg kunne også godt tenkt meg å lage manus til ein film, det er ein liten draum eg har.

- Men du er også involvert i eit filmprosjekt? - Ja. Eg satt på kafé ein dag med ein kompis som lagar film. Eg fortalde om doktorgradsprosjektet mitt, og han sa han ville lage ein film om temaet. Faktisk blei det gjort opptak i Canada i går med ein mann som skriv dikt om Kennedy-drapet. Han las opp dikta sine og viste fotokunst. Det er svært lærerikt for meg å samarbeide om dette filmprosjektet, eg må lære å tenkje på spørsmåla eg stiller i avhandlinga på ein annleis måte, ein meir artistisk måte. Det er morosamt.

Men det er ikkje alltid så annleis å skrive skjønnlitterært og akademisk. For tida les eg Roland Barthes. Nokre av dei beste essaya hans har ein venleik i seg som om det var ein skjønnlitterær tekst. Han er eit stort førebilete.

- Korleis bruker du ulike kunstartar i kvardagen? - Det går i eitt, det. Eg er utruleg privilegert som på dagen kan sitte og lese Roland Barthes, ta fram ei bok av Dag Solstad på ettermiddagen, høyre på Arvo Pärt, deretter litt på John Coltrane, og så sjå ein film av David Lynch. Når eg går til sengs har eg boltra meg i alle uttrykksformane som finst. Tenk på det!

EIN EKTE CROSSOVER: Forfattar Øyvind Vågnes jobbar med eit nytt litterært prosjekt etter debuten «Ingen skal sove i natt» som kom i vår. Han er også med i eit filmprosjekt, og melder rockemusikk for Dag og Tid. Dessutan er han stipendiat ved Engelsk institutt ved Universitetet i Bergen.<p/> ARKIVFOTO: VEGAR VALDE