Den store steinen kom farande ned fjellsida like før klokka åtte i går kveld. Det skjedde ved Hermansverk, aust for Leikanger i Sogn og Fjordane. Der bur mellom anna Terje Henjum.

— Vi høyrte ein høg buldrelyd og kjende at alt rista. Plutseleg vart det svart i huset til bestemora til sambuaren min, fortel Henjum.

Hagen knust

— Då såg vi at halve hagen hennar var vekke, seier han.

Hadde den enorme steinen landa 25 meter lengre aust, ville truleg huset til Oddny Wathne knust. I staden tok steinen muren i hagen, som gjorde at heile hagen i dag ser ut mest som eit bombekrater.

Steinen tok med seg både straumleidninga og vassleidninga. Fleire hus i området er difor utan vatn i dag. Tysdag kveld lurte naboane på om dei måtte evakuere. Det slapp dei.

— Vi fekk vite at geologane har kjent til denne steinen lenge, og at det ikkje er fleire steinar som denne oppi fjellsida no. Så vi har følt oss trygge i natt, fortel Henjum.

— Steinen er minst to meter høg. Det ser ut som den har endra kurs på veg ned, og eigentleg skulle landa lengre vest, seier han.

Landa i trafikkert veg

Etter at den hadde knust lyktestolpar, vassleidninga, hekkar og blomsterbed enda steinen si ferd midt i riksveg 55. Der låg den framleis klokka åtte i dag tidleg.

— Det er ein svært trafikkert veg, så det der berre flaks at ingen bilar vart treft. Men nokre naboar sprang fort ned og stengte vegen, fortel Henjum.

Vegen vart opna for trafikk klokka ti tysdag kveld.

— Vi er vand med å høyre buldrelydar her når snøen slepp oppi fjellsida. Men det her var annleis. Då alt rista og det vart mørkt i huset til Oddny var vi sjølvsagt redde, seier Henjum.