— Berge hadde budd i huset heilt sidan det stod ferdig i 1996. Det var aldri noko som helst slags tull med han - han var den perfekte leigebuar, seier Harald Fløysand, dagleg leiar i Visted Eiendom.Frå tid til annan har det vore festing og bråk i Møllendalsveien 63 A - noko som også var tilfelle brannatta. - I eit slik hus er det ikkje uventa at slike ting forekjem frå tid til annan. Men meg bekjent hadde vi aldri slike problem med Berge, seier Fløysand. 34-åringen var heller aldri til stades på hybelen der politiet meiner brannen braut ut etter ein fest natt til tysdag.Jan Matias Berge var tilsett på Haukeland sykehus, og det vart i går arrangert minnestund over brannofferet på arbeidsplassen hans.