Pensjonistane rundt bordet på Glunten kafe på Svelgen hotell har følgt terrasaka frå den dukka opp i media første gongen. Dei sit inne med kunnskapar like ned på detaljnivå. Ein god time etter at Fylkesmannen har felt sin harde dom over dei to kommunane i Sogn og Fjordane, som har investert i amerikanske obligasjonar, er dei fullt oppdaterte om utviklinga. Og mykje samde om kva som vil bli konsekvensane.

– Gruppene som treng kommunale tenester mest, dei eldste og dei yngste, er dei som vil få svi, seier Bjarne Eikeset. 77-åringen har ei fortid som lokalpolitikar. I tre periodar sat han i Bremanger kommunestyre, to for Ap og ein for Høgre. No tolkar han det slik at det går mot utsetjing av nye barnehagar og bygging av ny sjukeheim i Svelgen.

Arnar Kjelkenes (66) stemmer i:

– Prisen må vi nok betale på lenge framover.

Rådmannen utsett

I rådhuset, knapt meir enn eit steinkast unna kafebordet på hotellet, har ordførar Kåre Olav Svarstad ikkje nådd å kome gjennom dei mange sidene dokumentasjon som er sendt over frå fylkesmannsembetet. Men konklusjonen, kommunen har brote kommunelova og eige finansreglement og må kvitte seg med obligasjonane, er ikkje overraskande.

– Eg er nøgd med at vi no får høve til å vente med å selje. Vi får håpe at marknaden tek seg opp, slik at vi tapa ikkje blir fullt så store som vi ser føre oss i dag.

– Fylkesmannen vil ha ei vurdering av kor tid det kan bli aktuelt å selje?

– Det er ikkje så lett å seie. Våre obligasjonar er knytte opp mot dei andre kommunane sine. Her må vi samrå oss, seier Svarstad.

I Bremanger er kontrollutvalet og revisjonen i full gang med den interne granskinga av kva som har skjedd. Det som ver-kar heilt opplagt er at framtida til rådmannen gjennom mange år, Tor Kristian Gulhaugen, blir eit tema.

– Eg konstaterer at Fylkesmannen kjem med kritikk som er knytt opp mot rådmannens rolle. Konklusjonen vi har fått i dag, vil bli eit viktig dokument i den interne granskinga. Så vi får vente til då, seier Svarstad.

Selje straks

På den lokale frisørsalongen er kundar og frisørar noko meir varsame enn karane på kaféen, men at innbyggjarane er frust-rerte, legg dei ikkje skjul på.

– Det har blitt ein del prat om Terra her, ja. Saka opptek folk. Dei fleste er oppgidde over det som har skjedd, fortel ein av frisørane. Men dama som ho er i ferd med å stelle håret til, meiner kommunens spekulasjonar i verdipapir trass alt kanskje ikkje berre har ført vondt med seg:

– Jammen har no Bremanger blitt sett på kartet med denne saka.

– Så du meiner at all PR er god PR?

– Kanskje.

På Glunten kafé går diskusjonen framleis ivrig mellom dei eldste i industribygda.

– Mi fornuft tilseier at kommunen må kvitte seg med desse papira snarast råd. Verdien vil berre falle, seier Eikeset.

Arnar Kjelkenes meiner optimistane som trur dei skal få pengane att, tek skammeleg feil.

– Kven vil kjøpe desse obligasjonane? Og kva pris vil dei betale? spør han.

Russisk rulett

Karane har nett levert inn tippekupongane, men meiner deira innsats hos Norsk Tipping ikkje kan samanliknast med sat-singa i terrakommunane.

– Det desse kommunane gjorde var vel meir å spele russisk rulett med kammeret fullt av patronar. Eg er ikkje ute etter personar, men hovudansvaret ligg etter mitt syn hos eit samla kommunestyre med ordføraren i spissen. Men eg trur ikkje anna enn at dei handla i beste meining, dei har berre ikkje skjønt kva dei gjorde. Til og med erfarne finansfolk slit med å forstå avtalane, seier Kjelkenes.

To andre har kome til, og nikkar samtykkjande. Det er dei folkevalde som har gjort vedtaka. Og når dei delegerer til råd¬mannen, må det kvile eit endå større kontrollansvar på politikarane. Dei syns heller ikkje Kommunaldepartementet har noko særleg grunn til å slå seg på brystet i denne saka. Dei som har lese brevet der Vik kommune fekk grønt lys til å selje framtidige kraftinntekter, karakteriserer det som eit «god dag mann økseskaftsvar».

– Heile saka er ein skandale. Og ein tragedie, seier Kjelkenes.

Hva synes du bør skje i etterkant av Terra-saken?

Øystein Torheim
Øystein Torheim