Dei gjorde ein fantastisk jobb. Truleg er det mange vaksne som ikkje hadde greidd å gjere det like bra Steinar Sellevold i Stiftelsen Norsk Luftambulanse

Det var den 13. september i år at dei tre bestekameratane leika i fjæra ved småbåthamna i Høyanger.

Den eine av dei, Daniel Ueland Komperud starta å klatre i stederverket på eit halvferdig naust. Oppe på taket brast konstruksjonen under han, og 13-åringen fall rundt åtte meter rett ned i fjæresteinane. Der vart han liggande kritisk skadd, og med ansiktet delvis under vatn.

Då var det at dei to kameratane tok grep. Saman fekk dei Daniel inn på tørt land, over i stabilt sideleie og gav han førstehjelp. Medan den eine var hjå kameraten, sprang den andre og varsla.

Livreddande innsats

— De gjorde ein fantastisk jobb. Truleg er det mange vaksne som ikkje hadde greidd å gjere det like bra, sa regionsjef Steinar Sellevold i Stiftelsen Norsk Luftambulanse då dei to heltane fekk diplom for innsatsen under ei tilstelning på luftablansebasen i Førde fredag.

— Det som desse to gutane gjorde, var heilt klart ein livreddande innsats, sa Sellevold.

Sjølv er dei to gutane berre glade for at dei har fått tilbake bestekompisen, sjølv om han enno ber sterkt preg av hendinga.

Men etter månader i sjukeseng og rullestol har det gått raskare framover enn nokon hadde våga å håpe på, og for litt sidan klarte Daniel å ta sin første lille tur på sykkel etter hendinga.

- Redda jo livet mitt

Og dei to redningsgutane fekk verkeleg nytte av førstehjelpsopplæringa dei hadde fått på skulen. Dei gjorde alle ting rett, og fekk masse ros for det under fredagens vesle seremoni.

— Det gjekk så fort. Eg tenkte berre at vi måtte få han opp frå vatnet, fortel ein av dei, Kevin Eraker Ødegård.

Og Daniel er glad for at dei får skikkeleg takk og mykje ros for innsatsen.

— Dei redda jo livet mitt, seier ein glad Daniel Ueland Komperud, tilbake på beina etter eit åtte meters fall.