— Eg veit ikkje om eg skal le eller grina. Det heile er både tragikomisk og sjølvsagt svært alvorleg. Og so timinga, då. Hadde datoen vore 1.april, hadde eg trudd det var ein spøk, seier Utne oppgitt til bt.no.

I dag tidleg var Jacob Utne i Leirvik på Stord for å følgja rettssaka mot det forrige mannskapet på MF "Os". No må han følgja sine medlemmer til møte med HSD-leiinga i Bergen.

Dei tilltsvalgte har jobba saman med HSD-leinga for å endra ein ukultur med alkohol i HSD.

Utne meiner dei saman har gjort ein god jobb, men etter nattas nye skandale seier han så tydleg at det ikkje er til å misfortå:

— Det er nokon her som ikkje har forstått nokonting!