Overlege og førsteamanuensis Einar Heiervang forstår at ein del foreldre kan vegre seg for å delta i forskingsprosjektet «Barn i Bergen».

— Mange vaksne har lett for å tenkje at barnet sine problem har samanheng med korleis dei er som foreldre. Men her er det ikkje snakk om å finne ut om årsakene ligg i familien, seier Heiervang. - Det vi ønskjer er å finne ut om nokon treng hjelp til å takle barn med ulike problem. Mi erfaring gjennom mange års arbeid er at dei aller fleste foreldre gjer så godt dei kan ut frå sin situasjon. Nokre barn er spesielt krevjande, og dessutan er det på mange måtar meir krevjande å vere foreldre i dag enn tidlegare.

Foreldre må samtykke

Dersom du vil delta i «Barn i Bergen», skriv du under ei erklæring, som du returnerer til skulen i løpet av ei veke. Sjølve spørjeskjemaet har du tre veker på deg til å fylle ut.

Dersom skulen ikkje mottek samtykke frå deg, fyller læraren ut skjemaet anonymt, for å sikre at deltakarane er representative for alle barn i aldersgruppa.

I den første fasen denne hausten skal også lærarane svare på spørjeskjema om elevane i 2.-4. klasse.

— Mens foreldre er flinke til å sjå det einskilde barnet, ser lærarane barnet i forhold til ei stor gruppe, og kan samanlikne oppførselen med andre.

- Trygge og sunne barn

I den andre fasen av undersøkinga blir foreldra til totalt 1500 barn spurt om å la seg intervjue om ulike problem barna kan ha, enten det er mistanke eller ikkje. Fase tre inneber ei meir grundig psykologisk og medisinsk utgreiing av det enkelte barnet, og eit meir detaljert intervju med foreldra.

— Samfunnet er avhengig av trygge og sunne barn. At barn trivest og får eit positivt syn på seg sjølve og livet, er det viktigaste vi kan gje barna våre.