Som meldt i gårsdagens utgåve av Bergens Tidende vil Helse Vest no ha gynekolog på vakt i Lærdal 24 timar i døgnet, for å sikre at det kan utførast nødkeisarsnitt. Ein vikarstafett av svenske gynekologar skal sikre beredskapen ved den forsterka fødestova.

Den framtidige fødestova vil dermed få omtrent same bemanning som dagens fødeavdeling, men vaktberedskapen skal bli enklare. Fødestova skal også styrast av ei jordmor. Ved fødslar der det i utgangspunktet kan sjå ut til å bli komplikasjonar, skal dei gravide kvinnene i forkant av fødselen leggjast inn på sjukehus med fullverdige fødeavdelingar, i praksis anten Førde eller Voss.

Utgiftene til stafettordning for gynekologar og jordmødre som skal drive fødestova, vil truleg bli like store som kostnaden med å drive dagens fødeavdeling.

— Det er innlysande at denne løysinga vil gje dårlegare sikkerheit for fleire kroner. Det strir mot intensjonen i helsereforma. Skal fødande kvinner i Indre Sogn ta belastninga for å bevare prestisjen i dette prosjektet?, spør Bente Øien Hauge i aksjonskomitéen i eit brev som i går blei sendt helseminister Dagfinn Høybråten.

Både Nasjonalt råd for fødseslomsorg og Sosial- og helsedirektoratet har godkjent det faglege opplegget for drifta av fødestova. Dermed ligg alt til rette for at helseministeren kan ta den endelege avgjerda.

Sjukehusaksjonistane meiner fødetilbodet som det no blir lagt opp til, er betre enn dei tidlegare modellane som er lagt for fødestova. Likevel meiner dei det blir eit dårlegare tilbod enn dagens fødeavdeling. «Forsvar Lærdal sjukehus» oppmodar helseministeren å gjere ei totalvurdering av fødetilbodet i Indre Sogn før han tek den endelege avgjerda. Avstand til andre sjukehus, helseomsynet for kvinner og folks behov for ei trygg løysing må bli tatt med i vurderinga.