• Under ti kilo? Då kjem det ingen turistar hit, seier Carl Heintz Thomas frå Hannover.

Saman med tre kameratar frå sit Carl Heintz Thomas og slappar av i solvarmen på terrassen ved Kvernepollen Fiske & Ferie i Øygarden. Dei fire har nett kome frå Tyskland, og ventar på å få kome seg ut for å fiske. Ei veke skal dei bu ved anlegget i Øygarden, som har spesialisert seg på fisketuristar.

Når vi fortel om forslaget frå Fiskeridepartementet, Norges Fiskarlaget og Norges Turistråd om å setje ei kvote på åtte kilo for fisketuristane er meldinga klar: Då kjem dei neppe tilbake.

Guttetur

— Viss ein må betale toll trur eg det vil kome færre folk til Norge, seier Jürgen Bode. Han er ingeniør og arbeider i telekom-bransjen, og forstår ikkje heilt at norske fiskarar fryktar slike turistar: - Eg trur det er mange som meg som ikkje er profesjonell nok til at vi får opp noko særleg.

Korkje Bode eller dei andre er her av økonomiske motiv. Dei skal vere i Øygarden ei veke og vonar sjølvsagt på storfangst, gjerne 20 eller 40 kilo. Men først og fremst er det ein guttetur. Smakar betre

— Vi fiskar ikkje for å selje, seier Timo Jahns, når vi spør kvifor dei vil ta med seg kilovis tilbake til Tyskland.

Han meiner fisken er betre når dei fiskar han her og frys han fersk. Han har vore her før, og satsar på å få med seg nok til å ha fleire fiskemåltid utover hausten. Det grunnleggjande motivet er det same som for norske fritidsfiskarar: - Fisk ein har fiska sjølv smakar betre, seier Jahns.