— Dersom eg skulle bygt eit besøkssenter i Sandalsstrand, ville eg søkt å skjule det mest mogleg. Til mindre inngrepet blir i naturen, til betre er det.

Loge, som ein periode var tilsett ved fylkesgalleriet i Førde, var med i debatten då dagens utstillingslokale blei bygt i Astruptunet. Det enda med å rekonstruere løa som stod i tunet i Nikolai Astrups tid.

No tek han til orde for å føre opp att eit anna bygg som har blitt vekke med åra: Utedoen.

— Denne kunne fungert som inngang til ei heissjakt til eit underjordisk utstillingslokale, besøks- og informasjonssenter. Eg er sjølvsagt klar over at dette ikkje vil vere noko stor utfordring for arkitektane, men det får no så vere. Etter mitt syn vil ei slik løysing ta vare på miljøet som i dag er i området, og som er relativt likt det som var då Nikolai Astrup budde der med familien sin.

Om Loge er mot planane han så langt har sett presentert for eit besøkssenter ved Astruptunet, støttar han dei som går inn for at eit nytt galleri og besøkssenter må liggje ved Astruptunet.

— Dersom det blir lagt andre stader, trur eg Astruptunet vil forfalle. Eg fryktar at Jølster kommune ikkje vil ha økonomi til å vedlikehalde to senter.

Skulle andre alternativ vere aktuelle, meiner Loge at Sunde lenger aust burde vere rette staden.

— Der budde svigerforeldra, han var der mykje og nokre av dei best kjende motiva hans er målte frå Sunde, påpeikar Loge.