Det meiner Hanne Finseth, student ved Bergen Arkitekt Skole. I prosjektoppgåva si har ho valt seg Bryggen, og ho konkluderer med følgjande oppfordring:

Bygg nytt!

— Ein er frykteleg redd for å røre ved strukturen til Bryggen. Men ein er ikkje redd for å sende tung og tett trafikk forbi – som pressar heile Bryggen ned, seier Finseth.

Bryggen, som står på UNESCOs verdsarvliste, tar imot rundt 650.000 besøkjande årleg. 500.000 av dei kjem i juni, juli og august.

Lokalbefolkninga i Bergen bruker i svært liten grad Bryggen. Det gjekk fram i ein reportasje i BTMagasinet i går.

— Skal det skje noko på Bryggen, må det vere noko der som bergensarar har nytte av i sitt daglegliv, seier Finseth.

Gamle tufter, nytt bygg

Den mest radikale komponenten i Finseths prosjektoppgåve er forslaget om eit nytt bygg på dei gamle tuftene rett bak Bredsgården.

I dette bygget ser ho for seg at kulturavdelinga til Bergen offentlege bibliotek kan flytte inn, med film— og arkitekturseksjon.

Dermed vil Bryggen bli ein stad bergensarar kan ha behov for å oppsøkje.

— Særleg bra ville det vere å skape eit rom der kunstspirene kan ta med sine tankar i møte med det gamle handverket og 1400-talets bygg, seier Finseth.

Ideen er at denne funksjonen kan føre til etablering av andre verksemder i området, det vere seg butikkar, kafear, eller kanskje eit meir permanent utsal etter modell av Bondens marknad.

Ho har skissert eit bygg som i form og farge liknar dei gamle bygga på Bryggen, men med moderne vri, der både stål og tre inngår. Ein glasfasade i botnen av bygget skal gi utsikt i sitjestilling.

— Når ein set seg ned for å lese i biblioteket, vil ein dermed sjå tuftene og nedover mot Bryggen-strukturane. Eit nytt bygg kan vere med å få betre fram og ta betre vare på tuftene. Så lenge ein er veldig presis, ser eg ikkje at det skal vere problematisk å byggje over dei gamle tuftene, seier Finseth.

— Enormt viktig

Ho bur sjølv rett ved Bryggen.

— Det er ein veldig flott atmosfære på Bryggen. Men eg brukar staden nesten aldri. Eg spurte meg sjølv kvifor, seier Finseth.

Arkitekturstudenten ser på prosjektoppgåva som eit innspel til vidareutvikling av Bryggen-strukturen.

— Eg seier ikkje at vi skal rive gamle strukturar. Vi skal ta vare på dei, seier Finseth.

Men utan fornying og tilføring av funksjonar som kan få lokalbefolkning til å bruke bydelen, dør Bryggen, fryktar ho.

— Bryggen er enormt viktig for Bergen, og eg ser ikkje negativt på at det kjem mange turistar, tvert imot. Det er flott med ull- og tekstilprodukt også. Men Bryggen bør handle om mykje meir, om noko vi har bruk for i våre daglege liv – utan å trekkje inn Rema og 7-Eleven.

Kva bør skje på Bryggen? Sei meininga di.