Ved Mjøsa har nettopp Jernbaneverket og Statens vegvesen signert ein avtale om å byggje veg og skjener samtidig.

I Danmark kryssar tog og bilar Storebælt og Øresund på same bru.

Slik må det også bli på Vestlandet, meiner Øyvind Halleraker (H).

Breie bruer

— Danmark og andre land har tenkt på denne typen kombinasjonar lenge. Det er smart og det er effektivt. Slik bør vi også tenkje, seier Halleraker. Han er medlem i Stortingets transportkomité.

Bakgrunnen er at regjeringa i perioden fram til 2012 vil ha greia ut korleis fjordane mellom Stavanger og Trondheim kan bli kryssa.

Halleraker ønskjer at bruer og tunnelar mellom Bergen og Stavanger i framtida må vere breie nok til både vegbane og togbane.

Den såkalla Vestlandsbanen - tog mellom Bergen og Stavanger - er under utgreiing. Det same er vegsambanda Rogfast og Hordfast.

Dei to vegsambanda skal gjere ferjene over Boknafjorden og Bjørnefjorden arbeidslause. Rogfast får kanskje byggjestart allereie i 2014-2015.

Når Hordfast kjem, er ei meir usikker sak. Forkjemparane håpar den er med ved neste rullering av regjeringas transportplan. Det skjer i 2013.

Om Vestlandsbanen kjem, veit ingen.

Bruene først, jernbane seinare

Halleraker er ein av dei fremste forkjemparane for prosjektet, som er ein del av Høgfartsringen: Lyntog mellom Bergen, Oslo og Stavanger.

Ifølgje han trengst ikkje ny togtrasé bli lagt med ein gong: Det viktige er å få jernbaneskjenene lagt inn på dyre kryssingspunkt over fjordane.

Av dei to hovudalternativa for Hordfast, er planlegginga for det indre alternativet komen desidert lengst. Her går trafikken rundt i staden for under Bjørnefjorden.

Det er to strekkjer med vatn å kome over: Langenuen mellom Stord og Tysnes, og Samnangerfjorden mellom Fusa og Os.

Ifølgje utrekningar han har bedt Multiconsult om å gjere, vil desse bruene bli 50 prosent dyrare.

Så sant det kjem bane, betyr det sparte millionar.

Under Boknafjorden blir reknestykket dyrare. Med nye tunnelløp blir kostnaden truleg nær dobla.

Sparar 400 mill.

I Samferdselsdepartementet er Sigrid Brattabø Handegard (Sp) nokså ivrig i å støtte Halleraker.

  • Når desse prosjekta går parallelt, med samanfallande interesser, vil eg ikkje avvise å byggje i samanheng, seier Handegard. Ho er politisk rådgjevar for samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Ved Mjøsa, der tog- og vegbane skal bli bygd ut samtidig, blir hundrevis av millionar spart. Prosjektet er til saman på 7 milliardar. Ifølgje Vegdirektoratet er innsparinga på rundt 400 millionar.

  • Prinsippet er nokså likt. Er dette framtidig politikk, er det ein veldig riktig bruk av samfunnets ressursar, seier Handegard.

Halleraker er ikkje redd for at nye forslag og planar skal forseinke arbeidet med dei allereie eksisterande planane for Hordfast.

  • Nei, nei. Er det noko som kan forseinke, vil eg ikkje vere med. Eg har jobba for ferjefri kyststamveg i 15 år, seier Halleraker.

Han trur eigentleg toglinjer kan gjere nye, kostbare vegar lettare fordøyelege.

  • Kanskje vil grupper som til vanleg er mot veg, vere for totaliteten, seier han.