— Har du verkeleg tru på at Bybanen vil strekkja seg heilt ut til Sotra?

  • Ja, men det ligg nok eit stykke fram i tid. Den lyt iallfall vera med i vurderinga når vi avgjer om det skal bli bru eller tunnel.

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete seier ikkje rett ut kva standpunkt ho vil landa på når det gjeld det omstridde Sotra-sambandet. Men Navarsete vil ikkje berre gje biltrafikken betre kår. Med tid og stunder kan Bybanen få ei grein vestover. Då er bru betre enn tunnel; bru og bane passar best i hop, om vi skjønar henne rett.

**Les også:

— Oppsiktsvekkende**

Tre viktige prosjekt

Statsråden sit heime på garden i Lærdal no i romjula og les i ledige stunder framlegget til Nasjonal Transportplan. Det er ei tjukk lefse med mykje sprengstoff som skal leggjast fram seint i februar, fleire månader forsinka.

— Det er kvalitetssikring eg driv på med, seier ho lunt medan dottersonen Markus (5) spring rundt i stova og leikar med katten, for så å falla til ro i fanget hos mormor.

Navarsete let seg slett ikkje stressa av dokumentbunka, forsikrar ho. Statsråden kombinerer det nyttige med det behagelege, og tek seg god tid før ho vender tilbake til Tigerstaden og heksejaget der aust utpå nyåret. I triveleg lag her inne ved fjorden har ho fått smaka både på heimebygg og anna godt, fortel ho.

Statsråden er spent på korleis transportplanen for perioden 2010-2019 vil bli motteken. Tre viktige samferdselsprosjekt i vest er med i planen: Rofast (nytt ferjefritt samband over Boknafjorden), ny bru eller tunnel mellom Bergen og Sotra og sambandet Lavik-Sande.

Mektig sognekvinne

2008 har vore eit festår utan like for Liv Signe Navarsete, med bryllaup og 50-årsfeiring - men og med djupt alvor. Åslaug Hagas triste avgang som partileiar og statsråd førte sognekvinna heilt til topps i politikken. Ho tok plass i underutvalet i regjeringa, det «indre kabinettet», der ho saman med Jens Stoltenberg og Kristin Halvorsen tek dei viktigaste og mest sensitive avgjerslene i norsk politikk.

  • Du har mykje makt?
  • Ja.
  • Det er nok ingen andre frå Sogn og Fjordane som nokon gong har hatt så mykje makt?
  • Det kan vera rett, seier ho bestemt og med fast blikk på journalisten.

Maktmisbruk?

  • Mange meiner at det var eit maktmisbruk å utnemna Øystein Djupedal til fylkesmann i Aust-Agder?
  • Vi har hatt betre saker. Det var ikkje vanskeleg å sjå at det ville bli uro.
  • Er ikkje dette eit nytt døme på tvilsam parkering av avdanka politikarar?
  • Nei, det er eg heilt usamd i. Det å vera politikar på dette nivået, er som oftast ein kvalifikasjon i seg sjølv. Å vera statsråd betyr det same som å få ei bratt læringskurve. Det er alltid ein stor fordel for ein fylkesmann å kjenna det politiske systemet, slik Djupedal gjer.

- Kven vil dei tvinga?

Navarsete slår hardt tilbake mot partileiarane som vil tvinga igjennom storstilt kommunesamanslåing.

  • Det blir ingen tvangssamanslåing så lenge eg sit med regjeringsansvar. Eg meiner elles at dei partileiarane som går inn for dette bør seia ifrå før valet kven dei konkret vil slå saman. Det er jo ingenting å tena på dette. Danskane reduserte talet på kommunar kraftig for ei tid sidan, men resultatet vart over 1600 fleire byråkratar!

Ho seier at ho ikkje er imot at kommunar frivillig går saman. - Men eg er sterkt imot at ein gjeng i Oslo skal diktera og teikna eit nytt kart over Kommune-Noreg. Dessutan gløymer mange kor viktig ordføraren er som ei politisk kraft i lokalsamfunnet, ikkje minst når det gjeld næringsutvikling, seier Navarsete.

Kva meiner du om Bybane til Sotra? Sei di meining!

HYGGE OG NYTTE: For femåringen Markus er Liv Signe Navarsete «berre» mormor. Statsråden sit heime på garden i Lærdal no i romjula og les i ledige stunder framlegget til Nasjonal Transportplan.
S?vig Rune