— Dette ryktet har vi høyrt i halvtanna år, seier leiar for folkeaksjonen i Hardanger, ordførar Jan Ivar Rødland i Granvin.

Forundra

— Det undrar meg at statsråden først skapar forventning om han vil greie ut nettstrukturen og ha ein uhilda gjennomgang, for så å skjere gjennom med eit vedtak som strir sterkt så mot folkeviljen. Dersom dette er rett er det god grunn til å stille spørsmål ved korleis demokratiet fungerer i dette landet.

Så seint som tidleg i februar gjekk det sterke rykte om at saka då var klar for handsaming i regjeringa.

— Vi i folkeaksjonen hadde då signal på at Hardangerlinja skulle opp, men at saka den gongen blei stoppa. Eg vil vente og sjå før opplysningane som har kome i dag blir stadfesta. Men som sagt vil det forundre meg om dette er rett, sjølv om eg kanskje etter kvart burde lært såpass.

**BT-leder:

Ta tiden til hjelp, statsråd**

— Utruleg feigt!

Også Synnøve Kvamme, leiar i Granvin ungdomsråd, veit ikkje om ho heilt skal tru på det ho no høyrer:

— Så seint som sist veke var vi i kontakt med politisk rådgjevar i Olje– og energidepartementet, Ivar Vigdenes, for å invitere statsråden til Hardanger seinare i vår. Tilbakemeldinga vi fekk var at dei ville prøve å få det til. Dersom det no er rett at Terje Riis–Johan-sen har bestemt seg, syns deg det rett og slett er utruleg feigt gjort.

Ungdomane i Hardanger har engasjert seg sterkt mot monstermastene, og Kvamme lovar at kampen vil halde fram.

— Vi kjem ikkje til å gje oss, seier ho.

Kva meiner du om avgjerdsla til ministeren? Sei di mening her.