Fleire navigatørar Bergens Tidende har snakka med synest HSD-kapteinar generelt ikkje følgjer føre var-prinsippet nøye nok når dei kjem frå Stord for å leggja til kai på Ranavik. Ved å redusera farten før eller i det smale Litlasvinøysundet, har navigatøren god tid til å naudnavigera godt unna land dersom det oppstår teknisk svikt, blir det hevda.

— Ja, det er litt skremmande å sjå mange av snøggbåtane koma med stor fart like oppunder kaien, seier pensjonert sjøkaptein Oddmund Emmerhoff frå Halsnøy.

68-åringen driv framleis opplæring i kystnavigering, og føreleste for «Baronessa»-kaptein Jan Nessa på kystskipperskulen for 25 år sidan. Emmerhoff ønskjer ikkje å kritisera Nessa for det som skjedde på Ranavik måndag kveld, han meiner kapteinen handla fornuftig når situasjonen blei som han blei.

— Generelt meiner eg at farten må slåast ned tidlegare. Navigatøren må alltid ha i tankane at teknisk svikt av eitt eller anna slag kan skje, seier Oddmund Emmerhoff.

Korkje snøggbåtsjef Harald Aarø eller informasjonssjef Arild Sondre Sekse i HSD ønskjer å kommentera «Baronessa»-kapteinen sin handlemåte før sjøforklaringa er halden i morgon, og før HSD si interne gransking er gjennomført.

— HSD har sine retningsliner for kor fartøya skal gå, og kva fart dei skal ha dei ulike stadene. Nokre stader er meir opne for navigatøren sitt skjøn, seier Arild Sondre Sekse. Han vil før sjøforklaringa ikkje røpa kva HSD-reglane seier om snøggbåtnavigering til og frå Ranavik.

— Generelt kan eg seia at ein skal følgja føre var-prinsippet. Rundar du for eksempel eit nes, skal du vita kva du gjer, seier Sekse.