• Kommunen burde ha rydda opp for lenge sidan.

Det seier leiar i Norsk helse og sosialforbund avdeling Hordaland, Lillian Eriksen til Bergens Tidende.

På grunn av teieplikta vil ho ikkje kommentera denne saka spesielt. Men ho meiner at kommunikasjonssvikt og dårleg leing ofte er trekk som går att i arbeidskonfliktsaker i omsorgssektoren.

Likevel er det hennar generelle inntrykk at arbeidstilhøva gjennomgåande er betre for tilsette i omsorgen for dei psykisk utviklingshemma enn i eldretenesta.

– Våre medlemmer som arbeider med psykisk utviklingshemma går ofte inn i eit tverrfagleg samarbeid. Det aukar dei faglege utfordringane og arbeidsgleda, seier ho.

Trond Lexau som er dei fire kvinnene sin advokat, sier at det er arbeidsgjevaren si plikt å sjå til at dei tilsette ikkje vert sjuke av jobben.

– I dette høvet svikta kommunen fullstendig, spesielt då dei tilsette skulle gå attende til arbeidet.

Lexau meiner denne saka ikkje er unik for Osterøy kommune.

– Eg har inntrykk av at dei tilsette i HVPU-omsorgen slit med dårleg arbeidstilhøve i mange kommunar. Spesielt gjeld dette i kommunar der den omsorgen er organisert samen med eldreomsorgen, seier han.

Osterøy kommune vil ikkje gje nokon kommentar til saka avdi det er ei personalsak som enno ikkje er avslutta.