Kvinnherad-båten sitt havari i Tysfjord i Nordland søndag kveld skjedde lenge etter at motorbrannen såg ut til å vera sløkt.

— Med røykdykkar og skikkeleg skumlegging burde dette vore unngått, seier Kjell Kristensen til Bergens Tidende. Halsnøy-fiskaren prisar seg lukkeleg over at både kona Hannemor, sonen Kåre, han sjølv og dei andre tre mannskapa kom frå skipsbrannen utan skader.

Eit godt sildefiske gjekk mot slutten då det tok fyr i motorrommet på den 55 år gamle trebåten MS «Halsnøybas» utanfor Drag i Tysfjorden i 03.00-tida natt til søndag. Halonanlegget blåste ut brannen, og båten blei i samråd med brannvesenet i Tysfjord kommune slept til kai på Drag.

- Uansvarleg

— Det var uansvarleg å leggja båten til kai blant ei mengde andre fartøy når ikkje brannvesenet kom for å sjå til at brannen verkeleg var sløkt, seier Kjell Kristensen.

Brannsjef Odd Harald Arntzen i Tysfjord seier til Bergens Tidende at avgjerda om å leggja «Halsnøybas» til kai på Drag var basert på meldingar om at brannen var sløkt og mannskapet evakuert.

Då Arntzen klokka 10.45 søndag fekk melding om ny røykutvikling i båten, rykte branntroppen på Drag ut. Pulverapparata strekte ikkje til, eit brukande skumanlegg var i Kjøpsvik, tre kvarters ferjereise unna.

— Vi fekk derfor raskare hjelp av branntroppen i Hamarøy. Det blei prøvd å fylla motorrommet med skum, men tilførsle av oksygen fekk brannen til å blussa opp, seier Arntzen. Som meiner at det tronge motorrommet ville vera ei dødsfelle for røykdykkarar.

«Halsnøybas» blei slept ut frå kai, og det blei bestemt at båten skulle brenna ut i rom sjø. Om lag klokka 19.30 sokk restane av den 62 fot lange fiskebåten på over 600 meters djup.

Sjøforklaring

— Burde ikkje motorrommet ha blitt skumlagt då båten kom til kai?

— Det er mogleg. Men vi får venta med vurderingar av dette til sjøforklaringa, seier brannsjef Odd Harald Arntzen.

— Vi hadde fiska nesten halvparten av kvoten på 440 tonn sild, og hadde berre nokre dagar att. No blir MS «Sjohav» erstatningsfartøy for restkvoten vår, seier fiskeskipper Kjell Kristensen.

Det var «Sjohav» som assisterte «Halsnøybas» og mannskapet då brannen braut ut. «Sjohav» slepte også det brennande fartøyet ut att på fjorden.

— Ei stund stod flammane himmelhøgt, seier Kristensen, som har delteke på sildefiske i Vestfjorden i mange år. Halsnøy-båtane «Sjohav», «Svennesbuen» og «Halsnøybas» har i haust halde i lag under sildefisket.

ORTAPT: Motorbrannen var likevel ikkje under kontroll, og Kvinnherad-båten «Halsnøybas» blei slept midtfjords for å brenna ut og søkkja. Kollegar på Halsnøy-båten «Sjohav» assisterer mannskapet på havaristen både under og etter dramaet.
Heidi Andersen, Mijá Ájgge
TAPTE ALT: Med brannhavariet i Tysfjord i Nordland gjekk ein fiskebåt med seks arbeidsplassar tapt. Frå venstre skipper og reiar Kjell Kristensen i lånte klede, Sten-Vidar Anthonsen og Kåre Kristensen.
Heidi Andersen, Mijá Ájgge