Andre vegprosjekt, inkludert Hardangerbrua, er ikkje tema i folkeaksjonen sitt arbeid, presiserer han.

Bergens Tidende kunne før helga avsløra at ein av styremedlemene har sendt ut ein mail som fortalde om «sabotasjeaksjonar» mot Hardangerbrua. Bakgrunnen er at bru og tunnel under gitte føresetnader kan bli sett opp mot kvarandre og konkurrera om statspengar frå same kjelde.

— At det er delte meiningar om Hardangerbrua, særleg blant folk i Hardanger, er godt kjent. Det er difor naturleg med delte meiningar innanfor styret i ein folkeaksjon, seier Børslien.

Sjølv om einskildpersonar i styret også interesserer seg for andre vegprosjekt, og deler tankane sine med andre, har Folkeaksjonen ingen annan agenda enn den som vart vedteken under skipinga i Odda kino 31. januar i år - å arbeida for at Jondals-tunnelen vert bygt så snart som mogeleg, presiserer aksjonsleiaren.

— Etter positivt vedtak i Hordaland fylkesting er vårt viktigaste delmål at Stortinget løyver 50 millionar kroner til Jondals-tunnelen, primært innanfor ramma til overgangsordninga for store fylkesveganlegg, seier Børslien.

Han vonar at tunnelarbeidet kan ta til i 2005, og tunnelen stå ferdig i 2007-2008.