EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no

I retten torsdag hadde den 34 år gamle kvinna inga presis forklaring på kvifor ho har sagt dette om eks-sambuaren, og tok han i forsvar. Både ho og mannen er tiltalte for å ha mishandla den vesle jenta så grovt at ho døydde av det. Båe nektar all skuld.

Aktor Eirik Stolt-Nielsen refererte frå fleire avhøyr der kvinna har sagt at mannen var hardhendt mot den vesle jenta i dagane før ho døydde, og at han «tok henne i ansiktet og gjorde noko med henne».

Ho har også sagt at han «trykte henne ned i sofaen fleire gonger», og at han rista henne mange gonger, blant anna medan han heldt henne etter kleda.

— Kvifor har du forklart dette? ville aktor vite.

— Eg orkar ikkje svare. Maktar ikkje, sa kvinna, som i retten ikkje kunne hugse om ekssambuaren nokon gong hadde rista barnet.

Ho gjentok derimot at han hadde kome med drapstruslar: «Få den helvetes ungen til å halde kjeft, elles drep eg henne», skal han ein gong ha sagt.

— Han var trøytt og sjuk, unnskyldte den 34-år gamle kvinna.