Wie fortel at Ringnes sine avtalar med festivalar og arrangørar aldri inneheld anna enn vilkår knytt opp mot sal av produkta.

– Det går på rabattar og bonusar, mot at vi får vere hovudleverandør til arrangementa. Vi er helt konsekvente, og sponsar i alle fall aldri nokon med gratis øl, seier han.

At ein konkurrent skal ha gjeve store volum gratis øl til eit arrangement, tykkjer Wie hørest rart ut.

– Det er i ale fall ein merkeleg måte å gjere det på. Det vanlege er å gå for rabattering av produkta, og å rekne på kva som gjev økonomi for leverandøren. Vi er jo ute etter å selje, og ikkje etter å gje vekk varene, seier Wie.

Han fortel at Ringnes ikkje har noko sponsorbudsjett i eigentleg forstand.

– Ringnes skal tene pengar på slike engasjement, inkludert denne typen avtalar. Vi skal selje produkta, og har ikkje nokon spesiell utgiftspost som heiter sponsing.

Hjå Hansa Borg understrekar salsdirektør Lasse Eliassen at Tall Ships Races er noko heilt spesielt, og at avtalen med Måløy var utanom det ordinære.

– Sponsing kan skje i form av kontantar, varer eller tenester. Dette var ein avtale utan kontantar, og våre varer og tenester består av øl, mineralvatn og support, seier Eliassen. – Det er jo ikkje noko uvanleg i at bedrifter gjev pengar eller varer som sponsorbidrag.

– Hansa Borg har også sponsa Tall Ships' Races andre stader i landet. Gav de bort øl også i desse tilfella?

– Som sagt var avtalen i Måløy spesiell. Ut over dette er sponsoravtalar ei sak mellom oss og våre samarbeidspartnarar. Av konkurransemessige omsyn kommenterer vi ikkje konkrete avtalar.

Men uansett må både Hansa og dei andre følgje norsk lov. Dermed er vi tilbake til det spontane spørsmålet som glapp ut av Ringnes sin salsdirektør heilt i starten:

Er det verkeleg lov å gje vekk øl som sponsorbidrag?

Svaret er ja, på visse vilkår. I følgje underdirektør Arvid Stokke i Toll— og avgiftsdirektoratet er vilkåra at leverandøren betaler inn alkoholavgiftene på det han gjev vekk, og at mottakaren har det naudsynte løyvet til å omsetje den vara han tek imot.