1. mai er ein fin dag for den som vil bera hijab, meiner bunad-spesialist. Se videointervju

— Det islamske hodeplagget passar godt saman med skaut og bunader i 17.mai- toget, seier Wigdis Espeland, som er amanuensis ved Institutt for kulturstudier og kunsthistorie ved Universitetet i Bergen.

Både bunad og hijab er viktige symbol og 17.mai er rette dagen å bera desse symbola, meiner ho.

Se videointervju med Wigdis Espeland

Verdiladde plagg

I dag vert hijaben brukt som ei meiningsytring mange stader i verda, seier Espeland.

— Ved Universitetet i Kairo til dømes brukar stadig fleire kvinner hijab. Dei skjuler håret på islamsk vis som eit utsagn i samfunnsdebatten. I den norske tradisjonen er 17.mai rette dagen for å bera slike verdiladde plagg, meiner ho.

Amanuensisen innrømmer likevel at dei fleste i dag har eit uklart forhold til den historiske bakgrunnen for å kle seg i bunad. Åpningssermonien på Lillehammer i 1994 fekk interessa for bunad til å eksplodera, seier ho.

— Aldri før i norsk historie har bruken av bunad hatt større omfang.

Ikke nasjonalisme

Det handlar ikkje om nasjonalisme, men om å finna det lokale i det internasjonale, meiner bunad-spesialisten.

Wigdis Espeland er utdanna etnolog og var med på å starta ”bunadsfaget” ved universitetet. Sjøl har ho på det meste hatt fem bunader i skapet.

— Men ein hijab i 17.mai-toget er vel eit symbol på noko anna enn det som elles vert feira på 17.mai?

— Det kan godt henda, seier Espeland. Men det lyt me tola. Så lenge folk held seg til norsk lov må dei ha lov til å utrykkja meininga sine.