Svingtauet sveipar rundt og rundt. Kristine Oma (7) hoppar og hoppar. Det står om sjølvaste brudeantrekket. Barna i første og andre klasse fniser. Spenninga stig.

— Brudekjole, bh, naken, brudekjole, bh, nak...nei. Ho trør på tauet og må stilla i netto.

— Den var ny for meg, seier høgskulelektor og kroppsøvingslærar Liv Ingrid Grov ved Høgskolen Stord/Haugesund (HSH). Barna finn stadig nye vriar på dei gode gamle tradisjonsleikane.

Hugsar du «Slå på ringen», «Hauk og due», «jeppe pinne» eller «Siste mann ut» frå barndommen? Ikkje det nei, men no finst redninga på Internett; Ein nyrestaurert database der tradisjonsleikane er samla og sortert i kategoriar.

- Første i verda

Gjennom sju år har Liv Ingrid Grov og studentar ved HSH samla inn leikar frå eldre folk på heimstadene sine. Til no er det lagt ut 120 leikar hovudsakleg med opphav i Hordaland og Rogaland, men dei håpar på breiare geografisk spreiing både nasjonalt og internasjonalt.

— No kan folk gå inn på nettsidene og leggja inn eigne leikar. Det er kjempefint om folk vil supplera og halde tradisjonane i hevd, seier Liv Ingrid Grov.

Ho har vore på ei rekkje nasjonale og internasjonale konferansar der prosjektet har fått stor merksemd. Målet er å få til ein internasjonal database på engelsk, der utvekslingsstudentar ved HSH kan samla inn leikar frå landa dei reiser til eller kjem frå. Dermed kan leikar frå til dømes Australia, Belgia, Portugal og England også bli representerte.

— Så vidt eg veit er dette den første leikdatabasen i verda, seier Grov.

Turbofamilien

Heile prosjektet starta med ei bekymring over ei samfunnsutvikling der barn brukar mykje tid framfor fjernsyn, dataspel eller i organisert aktivitet.

— I dag er nesten all fritida til ungane organisert av vaksne. Turbofamiliane køyrer ungane til musikk og idrett. Dermed blir det ingen ungar igjen heime i gata. Også i skulen blir det meir og meir fotball og handball. Derfor er me redde for at leikane forsvinn, seier Grov.

60-åringen frå Stord har jobba 20 år i barne- ungdoms- og spesialskule. Tradisjonsleik har ho brukt mykje i gymtimane og elles. Ho meiner det er viktig å ha eit stort register å spela på. Ikkje berre for å utvikla motoriske dugleikar, men óg sosial kompetanse.

Dropp leiarkurs, ut og leik!

— Regelleik har vore lite verdsett fordi det ikkje er rekna som kreativt. Det er eg heilt ueinig i. Det ligg mykje pedagogisk læring i leikane. Ikkje berre blir ein betre til å hoppa, kasta, springa og vera rask. Ein lærer å vera på lag i ei sosial setting, respektera reglar og innordna seg i gruppa. Ein må ha kunnskap om heilskapen i spelet og lærer å tenkja strategisk, seier ho entusiastisk.

— Krangel om felles reglar er ei god demokratisk trening. Ein må forhandla, kompromissa, ta avgjerd og ofte tilpassa reglane etter kven som er med. Mange vil nok minnast at nokon var med på «kjøt og flesk», ler ho.

Grov meiner bestemt at god gamaldags tradisjonsleik i gata kan erstatta mykje av det vaksne i dag må gå på leiarkurs for å læra.

I skulegarden på Rommetveit sveipar svingtauet vidare. Gutane hoppar like ivrig som jentene. Dei kan velja mellom flosshatt, dress og truse.

— Eg trur dei synest det er kjekt. Det oppstår ofte litt konkurranse mellom gutane, seier lærar Kari Junge før ho samlar elevane til ein ny leik - songleiken «Slå på ringen». Då er det at Didrik Stenson (8) får eit klassisk problem.

-Æsj, eg vil ikkje ha jentelus, seier han og vrir seg unna handa til Pernille Førland Hetlevik (6). Men lusa blir fort gløymd. Åtteåringen fer som ein vind rundt sirkelen. No gjeld det å koma først.