• Vi har slått av alle filtra som er levert av CTA, etter at vi hadde branntilløp og alvorleg røykutvikling i fleire anlegg, opplyser sjefsingeniør Erik Norstrøm i Vegdirektoratet.

Forutan Lærdalstunnelen er elektrostatiske filter frå CTA montert i eitt løp av Nygårdstunnelen i Bergen, i Ekebergtunnelen, Festningstunnelen og Granfosstunnelen i Oslo, Brangernestunnelen i Drammen og Hell i Trøndelag.

Norstrøm opplyser at Vegdirektoratet har som utgangspunkt at alle anlegga skal utbetrast og setjast i drift, men han kan ikkje seie når dette vil skje.

— Vi har bede regionane om ein statusrapport innan 14. februar. Vi vil også vurdere om det er behov for alle anlegga. Dersom nokre ikkje skal i drift, skal dei demonterast, seier Norstrøm.

Han peikar på at nokre av filtra er montert etter politisk vedtak. Dette gjeld blant anna filteret i Nygårdstunnelen i Bergen, som knapt har vore i drift sidan tunnelen opna sist på 90-talet. Vegvesenet meiner at filteret til 15 millionar kroner var unødvendig.

— Kor mykje vil det koste å reparere dei filtra som no er ute av drift?

— Det er snakk om ein del millionar. Vi veit ikkje eksakt, seier sjefingeniøren.

Leverandøren CTA har gått konkurs fleire gonger, seinast for eitt år sidan.

— Det er store problem med å få gjort erstatningsansvaret gjeldande overfor leverandøren, seier Norstrøm.

I utlandet er Norge rekna som leiande innan tunnelteknologi. Norstrøm opplyser at ei rekke land no følgjer nøye med på kva Norge gjer med støvrensing i sine tunnelar.

— Men enno er det vanskeleg å seie korleis vår policy blir på dette feltet, seier han.