— Dette er veldig frustrerande. For oss betyr dette masse bortkasta tid, pengar og energi, seier Anne Gro Njøten til BT.

Ho er mor til Preben på 21 månadar, og ein av mange foreldre som fekk seg eit sjokk, då dei såg «Rikets tilstand» om MMR-vaksinering for eit drøyt år sidan.

— På trass av all skremselspropagandaen frå Folkehelsa bestemte vi oss for at Preben ikkje skulle MMR-vaksinerast, men få enkeltvaksinar. Vi ville vere på den sikre sida, fortel tobarnsmora.

Det viste seg raskt å vere litt av ein jobb. Njøten har gått i skytteltrafikk mellom helsestasjon, apotek og legekontor. Informasjonen har vore minimal og ventetida lang.

— Systemet er utruleg tungrodd. Vi måtte gjere alt sjølv, ingenting er lagt til rette for oss ønskjer alternativ vaksinering, seier Njøten.

Preben fekk sprøyte mot raude hundar i fjor haust, men dei to andre vaksinane venta dei på heilt til i går. Då kom beskjeden om at dei har venta forgjeves.

— Kvifor let dei oss begynne på eit slikt vaksinasjonsprogram, når vi nokre månadar seinare får høyre at det er tomt for vaksine, spør Njøten oppgitt.

— Det har vore så mykje arbeid og styr med dette, og alt har vore forgjeves. No er vi tilbake der vi begynte.

— Kva gjer de no? Vil de følgje rådet frå Folkehelsa og velje MMR-vaksine?

— Vi vil undersøkje dette nærare før vi bestemmer oss, seier Njøten.

VENTA FORGJEVES: Sidan i fjor haust har familien Njøten venta på mesling- og kusmavaksinar til vesle Preben, som fyller to år i april. Men i går fekk dei vite at dei har venta til ingen nytte. - Veldig frustrerande, synest Anne Gro Njøten.