– Mi meining er at 19 grader er for lågt for stillesittande arbeid. Anten ein er lærar eller elev er dette for kaldt for denne typen arbeid, seier seniorinspektør i Arbeidstilsynet i Bergen, Kåre Askvik.

Han understrekar at folk er forskjellige, og reagerer ulikt på varme og kulde. Men etter hans vurdering bør temperaturen i klasserommet liggje kring 20-22 grader.

— For nokre kan nok 19 grader vere behageleg, mens andre kulsar og blir kalde i kroppen. Då går temperaturen utover det arbeidet du skal konsentrere deg om, seier Askvik.

— Men hvis dei kler på seg? - Greitt nok. Men me er forskjellige, og 19 grader er for lågt i eit klasserom, kjem det kontant.

Skuleelevar er ikkje omfatta av arbeidsmiljølova, slik lærarane er, fortel Askvik:

— Dessverre. Men det som er kaldt for ein, er også kaldt for ein annan, anten ein er lærar eller elev.