Politiadvokat Anette Vangsnes la ned påstand om fire månaders fengsel på vilkår for den 18 år gamle advokatsonen. Dersom retten er samde, slepp 18-åringen å sone bak murane — så sant han ikkje gjer seg skuldig i nye brotsverk dei neste to åra.

— Han var berre 16 år då dette skjedde, og saka er nå to år gammal. Dessutan meiner eg det ligg føre berettiga harme på grunn av farens framferd. Saka byggjer også først og fremst på ei detaljert tilståing frå tiltalte, seier Vangsnes om dei formildande omstenda.

Forsvarar Carl Hartwig bad om at 18-åringen må frifinnast.

— Eg meiner dei formildande omstenda er sterkare enn aktor legg til grunn, seier Hartwig, som elles er nøgd med at det ikkje vart kravd fengselsstraff. Dom i saka fell i dag.