• No må statsminister Kjell Magne Bondevik fortelja Naturkraft at han vil ha dei til å byggja gasskraftverk. Eg er heilt sikker på at det vil løna seg.

Det er stortingsrepresentant og tidlegare energi— og oljeminister Ranveig Frøiland som seier dette til Bergens Tidende. I går var ho innleiar på eit seminar om gass som Hordaland Arbeidarparti skipa til på Kokstad. Temaet var innanlands bruk av naturgass, med grunnlag i stortingsmeldinga som olje- og energiminister Einar Steensnæs la fram i haust. Meldinga skal handsamast i Stortinget i mars.

- Ille å sjå

Frøiland tykkjer det er ille å sjå korleis regjeringa står passiv og berre ser på korleis kraftkrisa herjar med folk og land.

— Vi må ikkje tru at den kraftkrisa vi opplever no, ikkje kjem att. Sjølv med mykje regn til hausten vil vi neste vinter stå oppe i same uføret. Saka er nemleg den at det norske forbruket av kraft er høgare enn tilbodet. Og forbruket vil berre auka. Fleire og fleire bur åleine. Det betyr fleire bustader å varma opp.

Fleire og fleire gamle får enkeltrom. Det krev meir energi til oppvarming. Det er berre ein måte å møta dette på, og det er å byggja gasskraftverk. Berre på den måten kan vi sikra at det innanlandske straumtilbodet til ei kvar tid held fylgje med det vi brukar, seier Frøiland, som var energiminister i Thorbjørn Jaglands regjering i 1996-97.

Løner seg ikkje?

— Men kva kan Bondevik gjera? Stortinget har for lengst gjeve Naturkraft det løyve dei har bede om til å byggja. Dei kan starta når dei vil, men så seier dei at det ikkje løner seg.

— Stortinget har sagt sitt, men det er viktig at statsministeren er aktiv og gjer det klårt overfor Naturkraft og dei som eig selskapet at han no ynskjer gasskraftverk. Og eg er sikker på at det vil løna seg. Det Naturkraft treng, er visse om at rammevilkåra som er sette ikkje vert endra undervegs og påfører selskapet ekstra og uventa kostnader. Ein slik garanti må regjeringa kunna gje.

— Kven kan seia dette til Bondevik? Det er vel ikkje nok at du oppfordrar han til det gjennom Bergens Tidende.

— Folket må engasjera seg. Det må koma eit massivt krav frå forbrukarane om bygging av gasskraftverk. Eit skikkeleg trykk frå folket.

- Går ikkje an, Steensnæs

— Kva ville du gjort dersom du var energiminister no?

— Eg ville for lengst ha kalla inn alle dei viktige aktørane i norsk energiproduksjon. Fyrst og fremst Naturkraft og Statkraft. Saman skulle vi ha laga ein plan for korleis Noreg på kortast mogleg tid kunne få opp produksjonen av straum og energi. Den stoda vi er oppe i no, krev handling. Å oppføra seg slik som energiminister Einar Steensnæs, be folk om å gå på sosialkontoret med straumrekninga, det går ikkje an. Det tragiske for Kristeleg Folkeparti, det er at partiet har lakka seg sjølv inne i ein hjørne med si motstand mot gasskraftverk utan CO2-reinsing.

GASS, MEN SNØGT! Tidlegare energiminister Ranveig Frøiland vil ha gasskraftverk fortare enn svint. Her sit ho saman med frå v. stortingsrepresentant Rolf Terje Klungland (Ap, energi- og miljøkomiteen) fylkessekretær i Hordaland Ap, Roald Kvamme og Øyvind Slåke, som er energirådgjevar for Arbeidarpartiets stortingsgruppe.<p/>FOTO: HELGE SUNDE