— Det var heilt som venta at eg ville få kritikk. Litt moro skal vi ha. Berre synd at det ikkje var høve til å ta replikkar. Sjølv vil eg forsvare prinsippet om å kunne ha subsidiære standpunkt, seier Søviknes til Bergens Tidende.

Skuffa over kritikarane

Søviknes seier at han trur ein del av kritikken kjem av at Os har vore rekna som eit utstillingsvidauge for Frp-politikk. Dessutan at han sjølv har hatt ein så høg profil.

Søviknes seier at han likevel er noko skuffa over at mange av kritikarane ikkje har fått med seg at Framstegspartiet i prinsipprogrammet for inneverande periode ikkje er prinsipiell motstandar av bompengefinansiering.

— Er kamp mot bompengar kanskje ei symbolsak for Frp?

— Alt tyder på det, her i dag. Det er enkelt å skape stemningar i landsmøtesalen på ei sak som dette. Eg konstaterer også at det er eit stykke veg å gå frå å vere eit reint opposisjonsparti til å vere komfortabel i posisjon i denne saka, seier Søviknes.

Skjellsord om tomtefeste

Ei anna sak som skapte sterkt engasjement og sterk ordbruk i den politiske debatten var tomtefestesaka.

Her vart det stormlaup mot talarstolen for å krevje at partiet går imot Regjeringa sitt framlegg om å gje tomtefestarar rett til å krevje innløysing av tomta.

«Ekspropriasjon» og «undergraving av eigedomsretten» var av skjellsorda som vart nytta om lovframlegget.

Formann Carl I. Hagen oppsummerte debatten med å slå fast at saka nå er ute til høyring i partiorganisasjonen og at stortingsruppa har merka seg syunspunkta.

Kamp mot Senterpartiet

Ein av talarane som som hausta mest applaus, var ei ung kvinne frå Valdres i Oppland.

Ho gjekk til frontalåtak mot Senterpartiet og meinte at Frp har mykje å hente når det gjeld oppslutnad i bygdene ved å innleie eit hardkøyr mot Sp.

— Saman med miljøvernminister Børge Brende og ulven er Sp grunneigarane sin verste fiende, var bodskapen Hanne M. Blåfjelldal gav for å «knekke Sp» som ho formulerte det.

Ho fekk tilslutnad frå Carl I. Hagen:

— Følg opp rådet om å fotfølge Sp og avsløre Sp-staten og nedkjemp Sp på bygda, kunngjorde Hagen.

Hagen tok også til orde for at Frp skal syte for at miljøvernavdelinga hjå fylkesmennene «ikkje skal kunne pirke i det kommunane har bestemt».

Hagen hausta applaus. Fylkesmann og partifelle Hans J. Røsjorde, var som tilhøyrar på nippet til å applaudere, men tok seg i det i siste sekund.