• Ikkje kjøp økologisk mjølk der den er så mykje dyrare som Bergens Tidende sine tal syner, seier prosjektleiar for Forbrukarrådet sitt mat- og miljøprosjekt, Stine Wohl Sem.

HENNING A. HELLEBUST henning.hellebust@bt.no

Prisforskjellen mellom vanleg lettmjølk og økologisk lettmjølk frå Tine, levert til kjøledisken, er 1,33 kroner. I butikkane er prisforskjellane heilt oppe i 4,45 kroner. Og mjølka er dyrast hjå dei største kjedene.

Det betyr at daglegvarekjedene tek mykje større forteneste på den økologiske lettmjølka. Sjølv om ho kjem med den same varebilen frå Tine, og hamnar side om side med vanleg lettmjølk i kjøledisken.

Forbrukarrådet tykkjer det er merkeleg at butikkane prisar økologisk mjølk relativt høgare enn vanleg, etter at Tine reduserte prisen tidleg i januar.

Ho meiner at så store forskjellar må komme av at daglegvarekjedene ikkje vil senke prisen, Det er ingen teknisk grunn for ikkje å gjere det.

Uheldig prising – Konsekvensen av slik prising kan vere at færre kjøper økologisk mjølk. Hadde prisen vore likare vanleg mjølk, ville fleire kjøpt den, seier Wohl Sem.

– Dette er uheldig, for vi ønskjer at den økologiske mjølka skal vere like tilgjengeleg som den vanlege. Det er ingen grunn til at ein skal tene meir på slik mjølk i det leddet der, seier dagleg leiar Helga Nordland i Norsk økologisk landbrukslag.

Dyrast Dei tre største kjedene, Rimi, Rema 1000 og Norgesgruppen har størst prisdifferanse. I går tok Rimi 4,43 meir for økomjølka enn for vanleg mjølk, på Rema 1000 var økomjølka 3,50 dyrare. Norgesgruppens Spar var verst, med 4,45 kroner.

Billegast Best ut for kundane kjem Prix og Spar. Dei vil få ein differanse mellom vanleg mjølk og økomjølk på 1,40, berre sju øre over innkjøpsdifferansen. Desse vil også totalt sett selje den bil-legaste økologiske mjølka. Deretter kjem Bikuben med ein differanse på 1,95, Coop Mega og Rimi med 2 kroner, medan Rema og Kiwi vil ha 2,50 i differanse.