Aud-Torhill Våge Haugstad hadde planlagt eit varmt og godt bad ved Hauglandssenteret i Fjaler, då ho i staden fekk eit iskaldt møte med ein uventa skapning tidlegare i vinter.

— Eg skvatt så eg trudde hjartet skulle stoppe, seier Haugstad til Firda.no.

- Eit menneske?!

Bassenget var nemleg stengt, og Haugstad tok seg i staden ein fottur i terrenget i Flekke. Då ho kom over fleire vakre isformasjonar, henta ho straks fram mobiltelefonen for å forevige dei.

— Då eg såg denne figuren blei eg heilt løyen. «Å Gud, kva er dette, eit menneske?», tenkte eg, fortel Haugstad.

Ho gjekk nærare for å sjå.

— Det såg heilt ut som eit menneske inne i isen med heilt tydelege strukturar av musklar, fortel ho.

Etter å ha fått summa seg litt, trur Haugstad at det er nokre kreative studentar frå United World College som står bak verket. Den internasjonale skulen ligg like ved vegskråninga der Haugstad knipsa bileta.

— Kan det vere nokre kreative sjeler innan kunst og handverk, eller kanskje er dette eit resultat av fysikk og kjemi. Korleis dei har laga det er framleis ei gåte for meg, seier ho.

- Godt eg har sterkt hjarte

Haugstad har publisert bilete på nettstaden Fjaler Origo i håp om at nokon kan gje svar på korleis figuren har blitt til.

I ettertid har Aud-Torhill Våge Haugstad fundert på om kunstnarane ønskte at nokon tilfeldigvis skulle snuble over verket.

— Dei skal vere glad det var ei med sterkt hjarte som kom over det, ler sunnfjordingen.

Er dette eit naturfenomen eller menneskeskapt? Skriv gjerne ein kommentar.

Aud.Torhill Våge Haugstad